– eit tilbakeblikk med glimt i auget

– eit tilbakeblikk med glimt i auget




Sportsleg og sosialt


Vi har dei tre siste åra gjennomført ei nasjonal turnering for oldboys- og veteranklassen. Turneringa har som mål å bringe saman fotballspelarar som har spelt i norsk eliteserie, samt lag frå vår region, til ein sportsleg og sosial møtestad. Frå 2001 har vi også hatt internasjonal deltaking (svensk lag – som vant!), og både engelske og fleire svenske lag er på veg i 2002.


Den sportslege kvaliteten på turneringa har auka for kvart år. Med lag som Brann, Lillestrøm, Ham-Kam, Start, Viking, Vålerenga, Rosenborg og Sogndal på parketten har det etterkvart gått ein viss prestisje i å vinne også på banen. Utanfor banen er det sjølvsagt også stor aktivitet. Arrangementet samlar meir enn 300 spelarar som får høve til å minnast store øyeblikk, både under den uformelle middagen på fredagskvelden, og på banketten laurdagskvelden.


«Ung og gamal»


Deltakarane spenner over eit stort aldersspenn. Det er ikkje råd å omtale alle hendingar vi har observert på parketten – men følgjande kan illustrere kva ein får oppleve: Ein tidleg laurdag formiddag i januar 2001 slo Sigmund Øren, som er 60 år og framleis aktiv på Jotun’s veteranlag, ein tunell på MINI. Tunnellen resulterte i scoring for Jotun mot Rosenborg. Også dommarstanden er veteranar, med Henry Øberg i spissen. Andre faste dommarar har vore Ivar Fredriksen, Frank Skadal og Svein Inge Thime. Rune Pedersen står på «venteliste A».


Samarbeid nasjonalt og lokalt


Turneringa har hatt eit framifrå forhold til nokre støttespelarar i dei større klubbane. At Svein Bakke i Sogndal varmt støttar opp om turneringa i nabobygda gler oss, og at Erik Foss i Vålerenga har «pålagt» oss å føre arrangementet vidare er også ei kjelde til inspirasjon. Sist sommar inviterte vi nokre av støttespelarane til fotball og laksefiske i Lærdal. Desse fekk oppleve Lærdal frå ei side som vi dessverre ikkje kan vise fram på vinteren.


Turneringa vert gjennomført som ein dugnad mellom laga Lærdal Idrettslag, Årdalstangen Idrettslag og Idrettslaget Jotun. For oss er dette ein samlande aktivitet, arbeidskrevjande, men morosam. Eventuelle overskot skal i følgje statuttane nyttast på aldersbestemt fotball i dei respektive laga.


At det i det heile finst ei slik turnering skyldast ein initiativtakar med pågangsmot og evne til å bygge nettverk (delvis utløyst av at mobiltelefonen er oppfunnen): turneringsleiar Roald Flodsand (90070911). Det skal nemleg ein god porsjon «glad i fotball-skap» til for å gjere dette. Denne gladskapen kjem no spelarar og arrangør til nytte.