Kaupanger stiller med tre lag

-Interessa er stor, men me slit med ein del skadar hjå oss eldste. Akkurat no er me fire og ein halv spelar på 50+ laget, men eg håpar å få med nokre fleire «kroppsdelar» før det brakar laus, seier Mona Teigen Kvam – primus motor for Kaupangerdamene.

Reint sportsleg, kva er målsetjinga?

-Sidan me er litt få spelarar i eldste klasse må vel målet vere å gjennomføre med stil. Likevel, når me er på bana sler nok vinnarinnstinktet inn for fullt, så me får berre sjå kor langt det rekk, seier Mona. Ho meiner Old Girls og Veterandamene siktar seg inn mot gull.

-Ja kjenner eg dei rett så gjer dei nok det, og det meinar eg absolutt dei bør gjere. Så om me gamle kan trylla fram litt ekstra krefter, så hadde det vore stor stas med tre gull til Kaupanger. Likevel, me må nok fyrst og fremst konsentrere oss om å få på plass nok spelarar tenkjer eg.

I rute

Korleis er det med treningsgrunnlaget, spissar de formen fram mot turneringa?

-Tja sei det. Nokre av oss spelar fotball 1-2 gonger i veka, medan andre kviler seg i form. I desember og juleferien blir det lite trening for min del. Men å vite at det er Veterancup om nokre veker gir motivasjon for å kome i gang att, seier Mona.

Har trua

Nokre spelarar må melde pass på grunn av skadar, men andre som er halvskada gir jernet, og håpar det skal gå bra.

-Det er nok mange som har litt vondt her og der, men dette ordnar seg som regel med litt medisinering undervegs. Akkurat det er me faktisk gode på, seier Mona. Kaupangerdamene meiner det sosiale aspektet i Veterancupen er veldig bra.

-Det er jo heile pakken som er viktig for oss. Reise på fotballtur i lag, oppvarminga, kampane, sjå andre spele, og vere sosiale med laget og andre lag. Å møte gamle kjente mellom og etter kampane er svært kjekt. Me gledar oss veldig, avsluttar Mona Teigen Kvam.