Klassevinnar og beste spelar

Finaleresultat Veterancup 2024:

 

OldGirls 32+: Kaupanger – Sandviken 4-5

Veteran Herre 40+: FC Agrobiznes – Sogndal 4-1

Landslag: Geogia – Ukraina 3-4

Superveteran H55: Fyllingen – Viking 2-4

Superveteran H50+ : Strømsgodset – HamKam 0-1

Superveteran G50+: Midsund/Kaupanger – Sandviken 4 – 1

Veteran G40+: LSK Old Birds – Kaupanger 3-1

Superveteran H50+ : Jondal – Dale 6-1

Veteran H40+ : Stryn Veteran – Vikersund IF 1-3

 

Kåring av beste spelar klassevis:

Old Girls: Ingrid Rydland, Sandviken

Superveteran Damer: Mona Teigen, Midsund/Kaupanger

Veteran Herrer: Sergit Chyzh, Agrobiznes

Superveteran 50+: Mads Brandstorph, HamKam

Superveteran 55+: Hugo Hansen Viking

Superstars Herrer: Geir Hoddevik, Nordnes

Turneringens beste spelar: Isabell Bachor, Lillesrøm

Vil ha fleire lag i dei yngste klassane – oppsummering frå turneringsleiar

Turneringsleiar Roald Flodsand er godt nøgd med årets cup. Eit klart mål for
neste år er fleire lag i oldgirls og oldboys.

Veterancupen 2025 vert skipa til 24-26. januar.
-Planen er at denne vert etter same lest som i år, men me håpar å få med
fleire lag i dei yngste klassane. Me må byrja i den enden, jobba inn mot
klubbane for å få med fleire. I klassen for oldboys var det i år ingen lag
påmeldt. Så her må det bli ei restarting, seier Roald.

Han er godt nøgd med gjennomføringa, og rosar dugnadsinnsatsen.
-Heilt fantastisk. Det er dugnadshjelp frå folk i Årdal, Aurland og Lærdal som
gjer det mogleg for oss å gjennomføre Veterancupen år etter år. Og likeeins
støtte frå sponsorar. Dette er me sjølvsagt svært takksame for, seier Roald.
Når det gjeld skader på spelarar i samband med cupen har det ikkje vore
noko av betydning, og tilbakemeldingar frå spelarar og leiarar er av det
positive slaget.

På det meste deltok 66 lag i Veterancupen, dette var nok for mykje, men
Roald meiner ein har kapasiet til kring 50.
– Me er interessert i å få med fleire lag, ikkje berre elitelag, også lag lengre
nede i divisjonane. Ikkje minst lokale klubbar. At Vik i år gjorde comeback
etter fleire års fråver var veldig kjekt, men fleire lag frå vår region er
ynskjeleg, seier han.
«Fotball for Ukraina» er ein svært viktig del av Veterancupen. I nær framtid vil
det bli sendt vintersoveposar til ein verdi av om lag 500.000 kroner til det
krigsherja landet.
-Håpet er å sende fleire sjukebilar. Hjelpe til med straumaggregat og
eventuelt andre nødvendige ting. Behovet er stort, så det er framleis mogleg
å vippse pengar til organisasjonen, avsluttar Roald Flodsand.

2024-cupen er historie / 2024-cup is now history

Veterancup 2024 er historie. Kampprogrammet vart gjennomførd utan alvorlege skader, innsatsen var høg, og innimellom fekk vi sjå verkeleg gode prestasjonar. Finaleresultata finn de her: VeteranCup 2024 – Profixio. Landslagsklassa er komen for å bli, og vi gratulerer Ukraina med sigeren. Banketten på Lærdal Hotell laurdag kveld var som vanleg den kjekkaste møteplassen for fotballveteranar gjennom året.  Arrangøren vil takke alle klubbane for at de nok ein gong har lagt siste helga i januar til Lærdal, Aurland og Årdal, og ser fram til å møte dykk att neste år.

Veterancup 2024 is history. The match program was completed without any serious injuries, the effort was high, and we occasionally saw really good performances. You can find the final results here: VeteranCup 2024 – Profixio. The national team class is here to stay, and we congratulate Ukraine on their victory. The banquet at Lærdal Hotel on Saturday night was as usual the most enjoyable meeting place for football veterans throughout the year. The organizer would like to thank all the clubs for once again having spent the last weekend in January in Lærdal, Aurland and Årdal, and looks forward to meeting you again next year.

 

Hovudsending VeteranCup 2024 – Livestream

Her er direktelinkar til hovudsendinga (live) vår og til livestream frå hallane i Lærdal og Aurland.

Linker til sendingane:

Hovudsending VeteranCup 2024:
https://www.youtube.com/watch?v=3p-Dz2pH50I
Livestream Aurland:
På YouTube-kanalen vår finn du oversikt over hovudsending/livestream, videohelsingar og intervju: https://www.youtube.com/@veterancup

Kampoppsett 2024

Det er kome nokre få endringar i kampoppsettet.

Det er kampoppsettet som ligg i profixio som alltid er gjeldande.

 

Oversiket over kampar, tidspunkt og dommarar finn de her:

Kampoppsett – profixio

Dommarar 2024

Årets dommarar:

  • Torstein Kvam
  • Vidar Hilmen
  • Frode Ølmheim
  • Kåre M. Lysne
  • Oddvar Bruhaug
  • Magne Eri
  • Davy Wathne
  • Rune Hunderi
  • Åge Sem Johansen

På linken under kan kvar dommar gå inn for å sjå kva kampar dei skal dømme:

Dommaroppsett for kvar dommar

Videohelsing frå Bakke & Eggen og intervju frå parketten

Eirik Bakke og Dan Eggen er begge klare til VeteranCup 2024! Under kan de sjå videohelsing frå dei begge. Velkomen til kjente og nye fjes i helga!

 

I morgon brakar det laus på parketten! Her har me samla dei siste intervjuene frå fjordårets VeteranCup, og me gler oss stort til å skape nye og kjekke augneblink i helga. Håpar me sjåast!

 

Høyr ein rørt Eirik Bakke, ein fornøgd trenar Harald Aabrekk, ein sliten – men glad og nøgd Asbjørn Helgeland, Trude Instebø Hansen som knapt har stemme i behald, ein smilande og blid Odd Johnsen og den finske (og tidlegare sogndalspelaren) Hannu Patronen som tykker det er stas å vere tilbake på gamle trakter.

Reporter: Steinar Kvigne
Video/tekst: Karoline Thyri

Bankett og pub

Det går buss frå puben på Lærdalsøren Hotell laurdag kl 18.00. Banketten startar presis klokka 19.00.  Alle gjer sitt for å  halda desse tidene!

Puljeinndeling veteran 40+ herrar

I  dei fleste klassane er det berre ei pulje, men i veteran 40 herrar er det to.

Pulje A:  FC Agrob (Ukraina), Lærdal, Stryn, Luster.

Pulje B:  Sogndal, Vik, Fitjar, Vikersund.

Kampprogrammet er like om hjørnet.

 

Lars Einar Torsnes

Sogn Sparebank – ein solid støttespelar

Lokalbanken med kontor i Lærdal, Aurland, Årdal, Sogndal, Vik og Bergen held fram som hovudsponsor for Veterancupen.

Ragnhild Skahjem Tofastrud, kva er viktigaste grunn til dette, og at de gjennom året støttar svært mange andre tiltak i banken sitt nedslagsfelt?

-Det er rett og slett fordi me vil bidra til at Sogn vert ein endå betre plass å bu og vekse opp i. Då er det behov for kjekke møteplassar og aktivitetar, slik som Veterancup. Det er ei tradisjonsrik turnering som bidreg til både god folkehelse, lagspel og er ein sosial møteplass både for spelarar og publikum. I tillegg er det positivt for lokalt næringsliv elles denne helga, seier Ragnhild. Og legg til:

-Du har rett i at me støttar svært mange tiltak i lokalsamfunna våre, det strekker seg frå bidrag til 17.mai feiringar, oppussing av bygdehus, filmprosjekt, kunstutstillingar, romjulskino, festivalar, idrettslag – eg kunne ha ramsa opp heilt til i morgon. Mangfaldet er stort – saman med eldsjeler får me til mykje godt i lag.

Fekk du med deg nokre av kampane i fjor?

-Ja, det gjorde eg. Eg var i Lærdal og fekk med meg fleire av kampane, også når Ukraina spelte. Det var skikkeleg god stemning, mykje folk og mykje godt i kiosken. Arrangørane gjorde ein kjempeinnsats.

Cupen i fjor bar sterkt preg av situasjon i Ukraina. Mellom anna med ein gripande konsert i kulturhuset. Kva inntrykk sat du att med?

 -Det er klart at det var veldig spesielt at Ukraina sitt landslag kom til Lærdal for å spele fotball når landet er i krig. Støttekonserten var veldig flott og verdig med fantastiske ukrainske musikarar. Innsamlingsaksjonen «Fotball for Ukraina» var eit godt initiativ med støtte frå fotball-Noreg. Eg sit ikkje minst att med sterke historier, at fotballresultata ikkje er det avgjerande, men at den viktigaste vegen til målet er gjennom venskap og gode relasjonar på tvers av landegrenser.

-Eg håpar i år som i fjor at publikum møter opp i hopetal, og at det vert mange gode opplevingar både på og utanfor bana. Lukke til med Veterancup, seier Ragnhild Skahjem Tofastrud.