Hugs laglister!

Alle lag må snarast senda inn laglister med namn på spelarane og gjerne litt om laget og/eller den enkelte spelar.

 

Lars Einar Torsnes

Klare for påmelding til 2024-turneringa

Da er vi igang!

Velkommen til å melde på lag til Veterancup 2024! Påmelding opnar klokka 20.30 den 5. oktober. Gå til påmeldingssida (toppmarg til høgre) og velg påmeldingsknappen.

Det er ny påmedlingsløysing i år. Barnesjukdommar kan oppstå, så meld frå om du får utfordringar.

Vel blåst!

Veterancupen 2023 er historie. Turneringsleiar Roald Flodsand er godt nøgd med gjennomføringa, men kviler ikkje på laurbæra.

No er han og resten av dugnadsgjengen er allereie i gang med å planlegge Veterancupen i 2024. Den vert arrangert 26.-27. januar. Turneringa i år vart gjennomført etter same mal som tidlegare. Men denne gongen med ein større dimensjon over seg med besøk av veteranlandslag og klubblag frå Ukraina. 

Ukrainske Levchenko Evhen og leiar for Veterancupen Roald Flodsand. Foto: Karoline Thyri

Gode tilbakemeldingar

Roald Flodsand er nøgd med gjennomføringa av turneringa, og har fått mange gode tilbakemeldingar.

– Det er tilbakemeldingar frå deltakarane som er vår målestokk. Etter det eg har fått vita så er dei veldig gode. Me har sjølvsagt eit forbetringspotensial. Det er slikt me ser sjølve, som me vil ta tak i og prøve å rette på til seinare, seier Roald.

Han ynskjer velkomen tilbake til ny turnering i 2024. Påmelding startar i september 2023.

– Takk for denne gongen, og ha ein fin treningsgsesong, avsluttar Roald Flodsand.

Ukraina gjekk av med seier i både landslag og Veteran Herre (40+). I landsfinalen vann dei 6 – 1 mot Færøyane. I Veteran herre (40+) vann dei 4 – 0 over Luster.  Foto: Dmytro Shapoval

 

Kaupanger, vinner av Superveteran Girls (50+). Finale mot IL Sandviken 5 – 0. Foto: Karoline Thyri

 

LSK Old Birds vann finalen i Oldgirls (32+) mot Kaupanger 4 – 1. Foto: Karoline Thyri

 

Strømsgodset vann finalen i SuperVeteran (50+) mot Øystese. Stillingen vart 1 – 4. Foto: Karoline Thyri

 

Fyllingen og Brann konkurrerte i SuperVeteran (55+). Finalen endte med 2 – 1 siger til Fyllingen. Foto: Karoline Thyri

 

Veteranslandslaga frå Norge og Færøyane. Foto: Karoline Thyri

Tekst: Steinar Kvigne

Pokalar!!

Lag som tok vandrepokalen med seg heim etter 2020-turneringa, MÅ hugsa å ta dei med tilbake til Lærdal. Dei må leverast på Lærdal Hotell fredag kveld.

 

Lars Einar Torsnes

Bussrute frå Bergen til og frå Veterancup 2023

Veterancup set opp bussrute frå Bergen til Lærdal også denne turneringa i 2023

Frå Bergen til Lærdal Fredag 27. januar:

Bussen går frå Flesland kl. 10:30, frå Nesttun kl. 10:40, frå Bystasjonen kl. 11:00

Frå Lærdal til Bergen Søndag 29. januar:    

Bussen går tilbake til Bergen kl. 10:30 frå Lærdal Hotell.

Pris pr. person inkludert interntransport i helga er kr. 750,-  tur-retur Bergen

Dersom de ynskjer å vere med bussen, ber vi om at de tingar plass hjå transportansvarleg,  

Harald Stadheim, e-post: harald.stadheim@laerdal.kommune.no – tlf. 975 26 998

Busstider kan verta endra, så følg med på heimesida vår!

Set pris på om de er tidleg ute og bestiller plass på bussen, men frist for å bestille har me sett til Måndag 23. januar. 

Betaling:

NB! Vi ber om at de betaler inn til Veterancup, konto nr. 37453032435. 

Hugs å merke betalinga med klubb og antal personar de betalar for.

Til tross for krigen, Ukraina kjem til Veterancup 2023

Om lag 20 av Ukrainas mest kjende fotballstjerner vil delta i årets Veterancup i fotball i Lærdal, Årdal og Aurland 27.-28. januar 2023.

Samtlege av spelarane har gjort karriere i ukrainsk eller europeisk toppfotball. Dei aller fleste har spelt på det ukrainske landslaget.

Fleire av spelarane tenestegjer som soldatar, men får løyve til å forlate fronten for å kunne delta i cupen. Ein av målvaktene ligg såra på sjukehus men skal prøve å kome som ikkje-spelande.

Ukraina stiller landslag pluss eit klubblag under Veterancup 2023.

Ukrainas ambassadør eller Charge’d affairs vil vere til stades under turneringa.

  • Det er avtalt møter mellom spelarane og representantar frå den norske regjeringa
  • Det blir planlagt eit kulturarrangement i samband med turneringa og besøket
  • Det er planlagt ein innsamlingsaksjon i samband med besøket og turneringa
  • Veterancupen er i dialog om samarbeid med ein norsk hjelpeorganisasjon

Veterancupen vil kome tilbake med detaljar om det ovannemde.

Initiativet er gjort av Veterancupen. Overskotet av turneringa og alle donasjonar går til Ukraina.

Kampane i Lærdalshallen, Årdalshallen og Aurlandshallen blir streama og direktesendt.

Veteranar frå fire av dei seks nordiske landslaga har meldt at dei stiller også.

Liste over foreløpig påmelde ukrainske deltakarar med trenar og støtteapparat:

1. Evgeniy Levchenko (1978)
2. Maksymov Yuriy (1968) – leiar
3. Nahornyak Serhiy (1971)
4. Yezerskiy Volodymyr (1976)
5. Levchenko Evhen (1978)
6. Ishchenko Mykola (1983)
7. Tsykhmeistruk Eduard (1973)
8. Shershun Bohdan (1981)
9. Sobutskyy Oleh (1972)
10. Sviderskyi Vyacheslav (1979)
11. Shelaev Oleh (1976)
12. Vorobey  Andriy (1979)
13. Reva Vitaliy (1974)
14. Medin Mykola (1972)
15. Nazarenko Serhiy (1980)
16. Polunin Andriy (1971)
17. Kosyrin Oleksandr (1977)
18. Khomyn Andriy (1982)
19. Donets Andriy (1981)
20. Shevchuk Vyacheslav (1979)
21. Rotan Ruslan (1981)
22. Markevych Myron (1951) – trenar

Påmelding Veterancup 2023

Det er framleis mogleg å melde seg på Veterancup 2023. Lag som var med i 2020, har førerett ved å melda seg på innan 20. november 2022. Etter den tid vil lag som ligg «på vent» få plass. Hugs å føra på kva lag/klasse det gjeld ved betaling av deltakaravgifta.

Booking av overnatting har starta!

Det er no opna for booking av overnatting i samband med Veterancupen 2023. Lærdal Hotel vil som tidlegare stå for booking og organiseringa av dette.

Pris i år er kr 3.500 pr pers. inkl frokost laurdag og søndag. Prisen inkluderer også middag fredag og banketten laurdag.
Send bestillinga til okn@strynhotel.no

Me gler oss!

Påmleding Veterancup 2023

Me har no opna for påmelding til Veterancup 2023!

Veterancup 2023 vert spela fredag 27. januar og laurdag 28. januar. Me avrundar laurdag kveld med bankett og prisutdelingar på Lærdal Hotell.

På herresida kan ein melde seg på i klasse for old boys, veteran 40+, veteran 50+, veteran 55+, veteran 60+. Sistnemnde klasse er ny i år, og gjeld spelarar som fyller 60 år eller meir i 2023, og kan ha ein spelar som fyller 55 år i 2023 på bana til ei kvar tid

I tillegg vil landslagsklassen bli vidareført.

På damesida er det klasse for old girls og veteran girls samt veteran 50+. For kvar klasse gjeld ei nedre aldersgrense ein må fylle i løpet av kalenderåret 2023, samt nokre unntaksreglar (sjå ‘Turnering’).

Antall spelarar pr lag er satt til 9 stk.

Påmelding:

    • rett klasse
    • storleik på t-skjorter. Må fyllast ut ved påmelding. (kan korrigerast fram til 10.12.2023)
    • navn og kontaktinformasjon til lagleiar/den som melder på laget
    • påmeldingsavgift skal betalast innan 10 dagar frå laget har fått plass i sin klasse/lagt ut på heimesida.

Lagliste skal fyllast ut! Navn og fødselsår på spelarar (kan/må endrast ved endringar fram til cupen).

    • om ein veit allereie no at ein ynskjer tinge plass på veterancup-bussane frå Bergen, kan det tingast ved å sende mail til transportansvarleg (sjå ‘Kontakt oss’)
    • Overnatting må me komme tilbake til.

Påmeldingsskjema finn de under Påmelding

Parketten ventar!

No kan du pusse skoa, prikke inn toppforma, og glede deg til å møte både nye spelarar og kjende fjes frå tidlegare oppgjer!


Me gler oss!

Veterancup Lærdal – Årdal – Aurland 2023

Vi er tilbake – er du?

Veterancupen er tilbake i tradisjonell form i 2023. Medlemmer i arrangementgruppa gjennomført planleggingsmøte på Kielbåten sist helg, og er glad for å kunne ønskje velkommen til tradisjonell veterancup i 2023. Sjølvsagt med atterhald om noko uforutsett skjer. Me vil om kort tid legge ut nærare informasjon om påmeldinga etc.

Stor takk til samarbeidspartneren Tide Buss AS som stilte buss til oss, og til Stein som stilte opp som sjåfør på fritida si!