Resultat – julekalender

Me vil få takka alle som har vore med på årets julekalender. Vinnaren vart Arvid Huun frå Øystese. Han var den einaste med fullt hus. Premien blir overlevert ved eit nærare høve. Fasit luke 24: Håkon Opdal og Jan Kåre Moe.

Lars Einar Torsnes

-quizmaster-

Klart for Veterancup 2022

Da er det klart for påmelding til VeteranCup 2022. Det vil bli litt endringar denne gang:

  1. Antall lag vert redusert.
  2. Maks 7 spelarar pr lag.
  3. Innkvartering berre på Lærdal Hotel og maksgrense vert sett til 240 personar.
  4. Banketten vert berre for dei som bur på hotellet.
  5. Styret avgjer kven som får plass på hotellet.
  6. Landslagspulja vert prioritert.
  7. Lag som er klare for VeteranCup kjem opp under puljeoversikta på heimesida.
  8. Alle deltakarar må ha coronapass.
  9. Påmelding innan 1. november 2021.

Sjå meir informasjon under Overnatting, Turnering og Påmelding.