Vil ha fleire lag i dei yngste klassane – oppsummering frå turneringsleiar

Turneringsleiar Roald Flodsand er godt nøgd med årets cup. Eit klart mål for
neste år er fleire lag i oldgirls og oldboys.

Veterancupen 2025 vert skipa til 24-26. januar.
-Planen er at denne vert etter same lest som i år, men me håpar å få med
fleire lag i dei yngste klassane. Me må byrja i den enden, jobba inn mot
klubbane for å få med fleire. I klassen for oldboys var det i år ingen lag
påmeldt. Så her må det bli ei restarting, seier Roald.

Han er godt nøgd med gjennomføringa, og rosar dugnadsinnsatsen.
-Heilt fantastisk. Det er dugnadshjelp frå folk i Årdal, Aurland og Lærdal som
gjer det mogleg for oss å gjennomføre Veterancupen år etter år. Og likeeins
støtte frå sponsorar. Dette er me sjølvsagt svært takksame for, seier Roald.
Når det gjeld skader på spelarar i samband med cupen har det ikkje vore
noko av betydning, og tilbakemeldingar frå spelarar og leiarar er av det
positive slaget.

På det meste deltok 66 lag i Veterancupen, dette var nok for mykje, men
Roald meiner ein har kapasiet til kring 50.
– Me er interessert i å få med fleire lag, ikkje berre elitelag, også lag lengre
nede i divisjonane. Ikkje minst lokale klubbar. At Vik i år gjorde comeback
etter fleire års fråver var veldig kjekt, men fleire lag frå vår region er
ynskjeleg, seier han.
«Fotball for Ukraina» er ein svært viktig del av Veterancupen. I nær framtid vil
det bli sendt vintersoveposar til ein verdi av om lag 500.000 kroner til det
krigsherja landet.
-Håpet er å sende fleire sjukebilar. Hjelpe til med straumaggregat og
eventuelt andre nødvendige ting. Behovet er stort, så det er framleis mogleg
å vippse pengar til organisasjonen, avsluttar Roald Flodsand.