Ham-Kam, artistane frå Mjøsas breidd.

Ham-Kam er eitt av våre mest trufaste deltakarlag. Dei har vore med alle gongene unntatt ein (stengt fjell), og dei har vunne veteranklassen heile fem gonger. Dei har såleis klart å få med seg ein pokal heim, og dei har to napp i den noverande vandrepokalen.

På bakgrunn av dette er Terje Kojedal det ein kan kalla forsiktig optimist. Han fortel at dei trenar fast ein gong i veka, to gonger når det høver. Dei har stort sett same lag som før med litt utskifte av folk. Ny av året er den ikkje ukjende Thorstein Helstad. Helstad har spelt i Tippeligaen for Brann, Rosenborg og Lillestrøm. Han hadde størst scoringssuksess i Brann der han spelte 147 kampar og scora 89 mål. Han har 38 A-landskampar og har scora 10 mål med flagget på brystet.

Som tidlegare peikar Terje på det sosiale med ei slik turnering. Det å treffa mange gamle og nokre nye kjende er ein svært viktig faktor ved eit slikt arrangement. Han rosar oss som arrangør, noko me set stor pris på. Heile laget ser fram til nok ei fin helg i Lærdal.

Me ynskjer Ham-Kam vel møtt og lykke til!

Lars Einar Torsnes

Send inn laglister!

Me minner nok ein gong om at laga må senda inn laglister. Gjer dette så snart de kan! De finn link til laglister under «Påmelding».

Veterancup 2017.

Bussrute til og frå Veterancup 2017

NB! Endring – kun ein buss i år pga. lita påmelding.

Veterancup vil i år ha kun ein buss som går frå Bergen til Lærdal denne helga, pga. lite påmelding. 

Frå Bergen til Lærdal fredag 27. januar:
Bussen går frå Flesland kl. 09:30, frå Nesttun kl. 09:45, frå Bystasjonen kl. 10:00.

Frå Lærdal til Bergen Søndag 29. januar:
Bussen går tilbake til Bergen kl. 10:30 frå Lærdal Hotell

Pris pr. person inkludert interntransport i helga er kr. 700,- tur- retur Bergen

Dersom de ynskjer å vere med ein av bussane, ber vi om at de tingar plass hjå transportansvarleg,
Harald Stadheim, e-post: harald.stadheim@vegvesen.no tlf. 975 26 998

Frist for å bestille av plass på bussen var måndag 16. januar, men det kan endå vere ledig plass.

Betaling:
Vi ber om at de betaler inn til Veterancup, konto nr. 3745 30 32435. Hugs å merke betalinga med klubb og antal personar de betalar for.

Sandviken – klar som alltid!

Sandviken og damefotball høyrer absolutt saman. Klubben var pionerar i jente-/kvinnefotballen på 70-talet, og har alltid vore å rekna med i toppen av norsk fotball på spinnesida. Me har prata med Mette Hammersland.

Sandviken har vore med i Veterancup heile vegen, og dei stiller med same gjengen stort sett. Dei trenar fast og spelar lokal veteranserie i Hordaland. Mette melder at bein og ikkje minst songstemmer er i god forfatning. Sjølv om det av og til går skeis på banen, er dei alltid blant vinnarane i den kulturelle seansen på Kvammes.

Ambisjonane er i følge Mette å vinna ein kamp og ta resten som bonus. I tillegg er det sjølvsagt viktig med det sosiale, og Mette skryt av opplegget i så måte. Ho fortel at denne turneringa fungerer som «styremøte» for Lerøy jentecup, eit arrangement ho og Laila Konglevoll har stått i spissen for i 39 år. Imponerande!

Me ynskjer Sandviken vel møtt!

Lars Einar Torsnes

Fredrikstad – aristokratane.

Fredrikstad fotballklubb vert med rette kalla aristokratane. Laget frå plankebyen har ni seriemeisterskap og elleve kongepokalar, den siste i 2006. Klubben har tre gonger vunne «The double». Me har hatt ein prat med Tom Espen Fingarsen.

Tom fortel at dei førebur seg på vanleg måte til Veterancup. Dei trenar ein gong i veka, og dei har 8-9 mann klare til cupen i Lærdal. Dette inkluderer kjende namn som Per Egil Ahlsen, Tommy Warhoel, Finn Erik «DJ» Arnesen og Tom Espen sjølv. Ambisjonane er som vanleg å vinna alle kampar og ta det derfrå. Det sosiale er sjølvsagt også viktig for denne gjengen som har stilt lag alle gongene unntatt ein.

Me ynskjer FFK vel møtt!

Lars Einar Torsnes

Nordnes I.L., klar som alltid!

Nordnes I.L. frå Bergen er ein av veteranane i Veterancup. Dei gule naboane til Akvariet har delteke i mange år med blanda sportslege resultat, men med stor innsats og ein del gode enkeltresultat. I fjor spelte dei 2-2 mot Viking som vann 50-klassen til slutt. Når det gjeld det sosiale, derimot, har Nordnes markert seg sterkt og positivt. Dei er også allsidige; dei har ein habil skøyteløpar i sine rekkjer. Rett nok ingen Maier, men dog.

Kjell Erik Ødemark fortel at dei trenar stort sett ein gong i veka felles. Dei skal vera med i Vadmyra Cup no i januar for å spissa formen. I denne cupen har dei spelt fleire finalar opp gjennom åra og slått Brann undervegs. I fjor måtte dei bruka litt krefter for å klara å stilla lag grunna skader og jobb i utlandet, men i år er fleire av dei faste tilbake.

Me takkar for samtalen og ynskjer Nordnes I.L. lukke til og vel møtt!

 

Lars Einar Torsnes

Påmelding til Veterancup 2017

Laurdag 1. oktober opnar me for påmelding til Veterancup 2017!

Veterancup 2017 spelast fredag 27. januar og laurdag 28. januar. Me avrundar laurdag kveld med bankett og prisutdelingar på Lærdal Hotell.

På herresida kan ein melde seg på i klasse for old boys, veteran eller veteran 50+. På damesida er det klasse for old girls og veteran girls. For kvar klasse gjeld ei nedre aldersgrense ein må fylle i løpet av kalenderåret 2017, samt nokre unntaksreglar (sjå ‘Turnering’).

Påmelding:

    • rett klasse
    • storleik på t-skjorter. Må fyllast ut ved påmelding. (kan korrigerast fram til 10.12.2016)
    • navn og kontaktinformasjon til lagleiar/den som melder på laget
    • påmeldingsavgift skal betalast innan 10 dagar frå laget har fått plass i sin klasse/lagt ut på heimesida.

Lagliste skal fyllast ut! Navn og fødselsår på spelarar (kan/må endrast ved endringar fram til cupen).

    • om ein veit allereie no at ein ynskjer tinge plass på veterancup-bussane frå Bergen, kan det tingast ved å sende mail til transportansvarleg (sjå ‘Kontakt oss’)
    • Booking/betaling av overnatting og/eller bankett skjer direkte til Lærdal hotell (max 9 plassar per lag):  okn@lerdalhotel.no  (sjå Overnatting’)

Lag som deltok i Veterancup 2016 har rangen dersom laget er påmeldt innan 15. november d.å. Frå 16. november vil nye lag få ledige/utvida plassar.

Påmeldingsskjema finn de under Påmelding

Parketten ventar!

No kan du pusse skoa, prikke inn toppforma, og glede deg til å møte både nye spelarar og kjende fjes frå tidlegare oppgjer!


Me gler oss!

Veterancup Lærdal – Årdal – Aurland 2017