Påmelding Veterancup 2018

Me har no opna for påmelding til Veterancup 2018!

Veterancup 2018 spelast fredag 26. januar og laurdag 27. januar. Me avrundar laurdag kveld med bankett og prisutdelingar på Lærdal Hotell. I år feirar også turneringa 20-års jubileum.

På herresida kan ein melde seg på i klasse for old boys, veteran eller veteran 50+. På damesida er det klasse for old girls og veteran girls. For kvar klasse gjeld ei nedre aldersgrense ein må fylle i løpet av kalenderåret 2018, samt nokre unntaksreglar (sjå ‘Turnering’).

Påmelding:

    • rett klasse
    • storleik på t-skjorter. Må fyllast ut ved påmelding. (kan korrigerast fram til 10.12.2017)
    • navn og kontaktinformasjon til lagleiar/den som melder på laget
    • påmeldingsavgift skal betalast innan 10 dagar frå laget har fått plass i sin klasse/lagt ut på heimesida.

Lagliste skal fyllast ut! Navn og fødselsår på spelarar (kan/må endrast ved endringar fram til cupen).

    • om ein veit allereie no at ein ynskjer tinge plass på veterancup-bussane frå Bergen, kan det tingast ved å sende mail til transportansvarleg (sjå ‘Kontakt oss’)
    • Booking/betaling av overnatting og/eller bankett skjer direkte til Lærdal hotell (max 9 plassar per lag): okn@lerdalhotel.no (sjå Overnatting’)

Lag som deltok i Veterancup 2017 har rangen dersom laget er påmeldt innan 15. november d.å. Frå 16. november vil nye lag få ledige/utvida plassar.

Påmeldingsskjema finn de under Påmelding

Parketten ventar!

No kan du pusse skoa, prikke inn toppforma, og glede deg til å møte både nye spelarar og kjende fjes frå tidlegare oppgjer!


Me gler oss!

Veterancup Lærdal – Årdal – Aurland 2018

Årets Veterancup enda med desse vinnarane:

Årets turnering var nr. 19 – med totalt 47 lag. Dette er ein liten tilbakegang- mest fordi i 34+ gruppa var berre 2 lag påmeldt. Desse fekk spela med i 40+-gruppa. Det var 14 damelag fordelt på klassane :34 + og 40+ . Vidare var det 33 herrelag. Desse var fordelt 40+ og 50+.

Det deltok ingen utanlandske spelarar i turneringa denne gongen.

Turneringa var vellukka med stø hand om tilskipinga både i Aurland, Lærdal og Øvre Årdal .

På laurdagskvelden var det stilig bankett på Lærdal Hotel med premieutdeling med god stemning. Frithjof Wilborn var sikker festleiar.

Finale-kampane vart denne gongen spelt i Lærdal og sluttresultata vart :

Kvinner:
Old Girls (34+): Sandviken – Kaupanger 4-0
Veteran Girls (40+): Arna Bjørnar – Follese 1-0

Menn:
Veteran (40+): Brann – Hamkam 5-1
Superveteran (50+): Viking – Brann 6-3

Beste spelar klassevis premiar frå Hardanger Bestikk:
Old Girls (34+): Trude Amundsen, Sandviken
Veteran Girls (40+): Bente Helland, Arna Bjørn
Veteran (40+): Bjarte Eikeland, Brann
Superveteran (50+): Stig Klungtvedt, Viking

Bjarte Eikeland (Brann Veteran) vart kåra til turneringas beste spelar.
– Lenestol m/tilbehør frå Stordal Møbel –

Viking støttar bøsseaksjonen!

Viking, som vann 50-klassen i fjor, må finna seg i å vera blant favorittane i år også. I tillegg er dei arkitektane bak vår del av bøsseaksjonen der det blir samla inn pengar for at den kreftråka Jens Egil Vikanes skal få behandling i utlandet. Me har snakka med Ingve Bøe.

Ingve fortel at kronerullinga kom i stand på Haugalandet for nokre veker sidan. Det er oppretta konto og det er plassert ut bøsser på serveringsstader, bensinstasjonar og andre stader der folk ferdast i og rundt araberbyen. Under Veterancup vil det vera plassert bøsser i hallane og på Lærdal Hotel.

Når det gjeld det fotballmessige, så rapporterer Ingve at dei er i rute. Dei har eit bra lag som er mykje likt laget i fjor. Då vann dei over Stordal i finalen. Viking siktar no mot toppen i år også. Elles ser vikingane fram til nok ei kjekk turnering der sport og sosialt fellesskap går hand i hand.

For å gi pengar til aksjonen kan ein gjera fylgjande: betala i bøssene, betala til konto nr 3240 09 55416 eller til Vipps AbraCs venner + beløp.

Lars Einar Torsnes

Kampoppsett Veterancup 2017 – Oppdatert!

Etter tilbakemeldingar frå laga har det blitt gjort nokre endringar i kampoppsettet til årets turnering.

Veterancup Kampoppsett 2017 v.2

Byen e Bergen og laget e Brann!

Brann er alltid å rekna med når det gjeld Veterancup, så også i år. Me har hatt ein prat med Kjell Rune Pedersen på Brann sitt 50-lag. Kjellien fortel at dei har ein del nye ansikt i år. Han nemner Lars Gytre som hadde si aktive karriere i Åsane og dansken Henrik Mørch. Det blir litt spennande med nye fjes som kanskje ikkje har spelt så mykje saman.

Kjellien seier at Brann uansett skal bita godt frå seg, og då må målet vera å koma minst like langt som i fjor (semifinale). Uansett så gler brannkarane seg alltid til Veterancup. Det er kjekt å treffa gamle kjende og bli kjent med nye folk. Totalopplegget får strålande karakter; speleopplegg, hallar, god mat, sunn drikke og flott musikk.

Av dei andre laga i 50-klassen nemner Kjellien spesielt Viking om dei stiller som i fjor. Han nemner også Stordal som ein outsider, ikkje unaturleg ettersom sunnmøringane har vore tapande finalst dei to siste åra.

Me ynskjer Kjellien & Co vel møtt!

Lars Einar Torsnes

Lege og fysio på årets Veterancup

Syskena Jori og Brede Skorve stiller også i år som medisinsk støtteapparat under turneringa. Samtidig med dette skal dei kjempe om heder og ære ute på parketten for henholdsvis Kaupanger Old Girls og Sogndal Veteran. 

Dei vil fungere som medisinsk personell i dei hallane dei sjølve spelar i. Dei kan nåast via arrangør, men det er viktig presisere at det medisinske apparatet kun har ansvar for seg sjølve etter at dei har innteke hotellet.

Veterancup har tidlegare snakka med Jori og Brede og dei nenvte da fleire faktorar som disponerer for skade. Det kan sikkert vere på sin plass og repetera desse:

  • Dårleg treningstilstand
  • Dårleg øvelsesutvalg
  • Dårleg teknikk
  • Dårleg beveglegheit (denne ser ut til at blir betre utover kveldane/ på dansegolvet…)
  • Dårleg treningsplanlegging (for mykje, for hardt, for fort….)
  • Overtrening (Relevant…?)
  • Utmattelse (meir relavant…!)
  • Søvnmangel (mest relevant…?!)
  • Uforsiktighet/ uhell/ regelbrot – her ber me alle følgje fair Play reglane både på og utanfor bana/ dansegolvet…
  • Dårleg baneforhold (kan ikkje påklagast)

Vèl møtt til turnering.

Fitjar IL stiller med ein stor tropp

Fitjar IL stiller i Veterancup for 11. gong og me er vel den klubben som har flest spillere med. I år heile 21 stk fordelt på 3 lag, Veteran, Superveteran og Damer Old Girls. Sportslig har vel Fitjar ikkje vore med å «prege» turneringa men la det være sagt med ein gong. Det har aldri vore tankjen heller. Her er Fitjar IL opptatt av gleden med å hjelpe større, meir meritterte spillere og klubber til å få den «gode» følelesen av seier. Fitjar IL reiser ikkje til Lærdal for å triumfere på andres bekostning.

Då hadde me sendt heilt andre spelarar avgårde. Me er opptatt av miljøet , både vårt eige og at dei rundt oss har det bra. Det sosiale er det viktigste for oss, det er på dette grunnlaget troppen blir samansatt. Ser dei fleste lag annonserer faste treninger etc.. Det har sjølvsagt ikkje me. Me håper igjen på ei strålandes turnering og gleder oss veldig til nok ein Lærdals tur for å treffe gamle og nye kjente.

Målet vårt i år er enkelt.. Å komma seg heilskinna heim igjen på sundagen.. Og skulle me no slå Rubbestadneset gjer det for så vidt ingenting.

Ole Bergesen

Kampoppsett 2017

Oppdatert med dommarar.

Da har me fått laga til årets kampoppsett. Dette vil de finne som eit pdf-dokument nedanfor. Det er viktig å være klar over at det kan komme endringar. Desse vil me publisere her på nettsida og Facebook med oppdaterte oppsett.

Vi ønskjer velkommen til turnering og ser fram til mange spennande og gode kampar.

Veterancup Kampoppsett 2017 med dommarar

Vålerenga 50+, tilbake etter eitt års pause.

Vålerenga sitt 50-lag stod av ulike grunnar over fjorårets turnering. I år er dei imidlertid tilbake, sannsynlegvis i kjent stil. Me har prata med Erik Foss.

Fosser`n fortel at det er litt vanskeleg å førebu seg fotballmessig når ein har spelarane spreidd rundt omkring. Dei satsar på at rutine og eigentrening skal gjera susen. Erik fortel at han sjølv og Lasse Eriksen spelar fotball med Oppegård oldboys.

Når det då kjem til forventningar og ambisjonar, så uttalar Fosser`n: «Bedre enn Fredrikstad». Dei går sjølvsagt inn for å vinna så får tida visa kor langt det rekk. Han trekkjer, som alle andre me snakkar med, fram det sosiale som den viktigaste enkeltfaktoren. Dei har visse ambisjonar for allsongen på Kvammes om det skulle gå skeis på banen. Det å treffa gamle og nye fotballvenner er rett og slett moro!

Me ynskjer Vålerenga 50 (sjølvsagt saman med VIF 40) velkomne til Veterancup.

Lars Einar Torsnes

Stordal – solid støttespelar på fleire måtar.

Stordal I.L. frå indre Sunnmøre er nok ein gammal travar i Veterancup. Dei har vore med heile vegen unntatt ein gong, og dei har bidratt med godt spel og gode resultat. Dei har vore i finalen i 50-klassen dei to siste åra, desse kampane enda med tap mot høvesvis Brann og Viking.

Primus motor Hallgeir Hove fortel at laget er i rute. Dei trenar ein gong i veka, og dei har målt krefter mot sitt eige 5. divisjonslag med siger som resultat. På bakgrunn av dette er Hallgeir & Co optimistar, noko dei er til vanleg også. Han fortel vidare at dei har slite litt med sjukdom og skader, men dei stiller uansett mannsterke.

Stordal og Veterancup er ikkje berre sjølve fotballen. Verksemda Stordal Møbel har i mange år gitt ein flott skinnstol til beste spelar i turneringa. Dette er me i leiinga svært takksame for. Det er raust gjort, og det er med på å gi oss eit kvalitetsstempel.

Me ynskjer Stordal velkomne til Veterancup nok ein gong!

Lars Einar Torsnes