Nordnes I.L., klar som alltid!

Nordnes I.L. frå Bergen er ein av veteranane i Veterancup. Dei gule naboane til Akvariet har delteke i mange år med blanda sportslege resultat, men med stor innsats og ein del gode enkeltresultat. I fjor spelte dei 2-2 mot Viking som vann 50-klassen til slutt. Når det gjeld det sosiale, derimot, har Nordnes markert seg sterkt og positivt. Dei er også allsidige; dei har ein habil skøyteløpar i sine rekkjer. Rett nok ingen Maier, men dog.

Kjell Erik Ødemark fortel at dei trenar stort sett ein gong i veka felles. Dei skal vera med i Vadmyra Cup no i januar for å spissa formen. I denne cupen har dei spelt fleire finalar opp gjennom åra og slått Brann undervegs. I fjor måtte dei bruka litt krefter for å klara å stilla lag grunna skader og jobb i utlandet, men i år er fleire av dei faste tilbake.

Me takkar for samtalen og ynskjer Nordnes I.L. lukke til og vel møtt!

 

Lars Einar Torsnes