Fyrste dag i Veterancup 2008, unnagjort


Trass i at vèrgudane har vore imot oss, har den fyrste dagen av Veterancup 2008 gått svært so bra.  Austlandslaga er enno ikkje komne over fjellet, men me håpar å ha dei på plass til turneringsstart i morgon.

Ein lokal Liverpool supportar sit no og ventar på at Liverpoollaget skal landa på Flesland.  Me håpar dei ikkje får ein altfor strevsam tur tilbake til Lærdal.

I Årdalshallen gjekk kampane etter skjema.  Me hadde eit par pausar imellom som følgje av at nokre av laga ikkje kom. 

I superveteran klassa er det Sogndal som ledar etter å ha vunne begge sine kampar. I veteranklassa har Lyngby, Rosenborg, Brann, Haugesund, Stord og Viking vunne alle sine kampar. 

Old-boys klassa er leia av Jondal.  Dei har spelt to kampar og vunne begge.  Tempo og Herand har spelt 1 kamp kvar og vunne desse.


I Old-girls klassa   er det fjorårsvinnar Klepp som tronar til topps med 3 spelte og 3 vunne kampar i dag.

I Årdalshallen hadde med ein uheldig mann frå Jølster som måtte til legevakta, med ein skade som sannsynlegvis er brote kragebein. 


I Årdalshallen startar me oppatt med fyrste kamp kl. 09.45 i morgon tidleg.


I Lærdalshallen bles ein det heile igang kl. 08.30.


Vel møtt!!


 


Ruthl@mail.ardalsnett.no