Bjørn Melheim, auksjonsvinnar



Ein av kompisane til Bjørn Melheim har dette å fortelja om den ihuga Liverpoolsupporteren frå Lærdal.

«Hei, bakgrunnen for dette er følgjande: Bjørn fylte 40 år rett etter
nyttår, men han fekk aldri noko ordentleg presang frå kameratane i
den anledningen sidan det som kjent er vanskeleg å kjøpe noko til den
som har alt.

Ein av kompisane tl Bjørn, såg saka om Liverpool auksjonen som skulle finna stad i forbindelse med Veterancupen, og tende øyeblikkeleg på idèen om å gjera noko spesielt for Bjørn.

Det trengdest mange bidragsytarar, for dette kunne bli dyrt.  Familie og kompisar vart kontakta, så var det heile i gang…At mange av dei involverte meinte at Liverpool definitvt var feil lag, fekk stå si prøve….no var det Bjørn som gjaldt.


Budgjevinga var roleg i starten, men det hardna til utpå kvelden i går. Det viste seg at ein konkurrent frå Hovedstaden var noko plagsom, men han gavseg til slutt.


Jubilanten vart intetanande oppsøkt i heimen i går kveld, og noko
fortumla innsåg han etterkvart at det ikkje var fanteri han vart fortald, men at draumen om å spela for Liverpool vart realisert.
Ikkje på Anfield, rett nok, men likevel


Det vedlagte biletet er teke i går kveld og viser ein oppglødd
jubilant med tanke på det som skal skje i helga. Kan faktisk sjå ut som
guten går med raude linser eller det kan vere draktfargen som speglar
seg…


publisert: ruthl@mail.ardalsnett.no