Liverpool spelte for fulle tribuner i Årdal


Det var fulle tribunar då Liverpool entra parketten i Årdalshallen i dag.  Arrangøren sørga for at Liverpoolsangen «You never walk alone» let frå høgtalaranlegget. 

Jotun Veteran hadde æra av å ha opningskampen mot heltane frå Liverpool.  Dommar i kampen var Inge Seglem, ihuga Ipswich supportar.  Han stilte på sidelinja i Ipswich drakt.  Han påstår også at John Wark vart «opplærd» i Ipswich før han kom til Liverpool og brukte teknikkane sine der.

I skrivande stund held sluttspelet på i Lærdalshallen.  Haugesund leiar 3-1 over Vålerenga i fyrste kvartfinale.


Følg med på «resultatservice». Linken ligg øverst til venstre på www.veterancup.no


Under er nokre av bileta som vart tekne i kampen mellom Liverpool og Jotun:






Undien jublar etter å ha sett inn eit mål mot Liverpool.



Rob Jones og den heldige auksjonsvinnaren Bjørn Melheim pustar ut på Liverpoolbenken.


 


 


Publisert av: Ruthl@mail.ardalsnett.no


Foto: Knut Bordal