…Då er dei klare att, Ødegård & Co



…..Ålesund FK er påmelde til neste års cup.  Me forventar at dei kjem til Sogn og forsvarar sigeren frå 2006 – turneringa.


Som nokon kanskje hugsar hadde Ålesund problem med å skaffa keeper siste turnering, men det ordna seg.  Den gode Årdalskeeperen Jens Herstad stilte opp og bidrog sterkt til at Ålesund vart det vinnande laget i 2006.

Jens Herstad vart også kåra til den beste veteranspelaren i 2006.  Rykte fortel at det vert kamp om Jens sine keeperferdigheitar i år.  Jotun var ute allereie etter finalen i fjor for å sikra seg underskrifta til den gode keeperen.


Då gjenstår det å sjå kven Jens «vaktar buret» for i 2007……


Ruthl@mail.ardalsnett.no