Klart for påmelding Veterancup 2007


Me skriv 28. september og 4 månader att til ny turnering i Årdal / Lærdal.  Turneringa 2007 vert halden 26. og 27 januar.

At det siste helga i januar kvart år vert avvikla veteranturnering er det dei fleste som no har fått med seg.
Ein veit ikkje «ordet av det» før tida er der.  Nettsida er open for påmelding til neste års turnering.  Me rådar dykk til å vera tidleg ute då me opplever stor pågang, spesielt i veteranklassa.


Nytt av året er at me endeleg har fått hall i Lærdal og denne vert sjølvsagt teken i bruk under turneringa.

Under turneringa 2007 vert det also spelt kampar i tre hallar. Lærdalshallen, Tangenhallen og Årdalshallen.  Det er enno ikkje klart om dette fører til at me kan ta imot fleire lag, eller at kampdagane vert kortare.  Følg med på sida framover og me oppdaterar alt etterkvart som planane går i orden.

Velkommen til 2007 turneringa !!

Webansvarleg: Ruthl@mail.ardalsnett.no