Spennande ting på gang….

Påmeldinga til Veterancup 2007 er godt i gang.  Pr i dag har me påmeldt 19 veteranlag, 5 old-boys lag, 10 old-girls lag og 5 lag i 50+ klassen.


Det ein kan merka seg er at to av laga i old-boys klassen ikkje har vore med tidlegare. 


Desse er Fitjar og Djerv1919.


 

Nettsida skal få tak i ein presentasjon av desse litt seinare.


Ellers driv leiinga og jobbar med spennande ting framfor cupen.  Det er litt tidleg å seie noko om dette enno.  Men heng de med på nettsida vil info koma ut så snart me har fått dei bekreftelsane me ventar på.


Nytt er også at me har fått idrettshall i Lærdal.  Det betyr at det vil verta kampar i tre hallar.  Nettsida kjem attende med opplysningar om dette seinare.  Men det som er sikkert er at det vert spela kampar i alle hallane.


web ansvarleg: Ruthl@mail.ardalsnett.no