Oppsummering Veterancup 2006

Rolf Nyhus og Svein Inge Thime
….då har roen begynt og senka seg etter Veteranturneringa 2006.  Totalt sett er me strålande fornøgde også i år.  Både når det gjeld oppslutnad frå laga, dommarar og heile støtteapparatet kring turneringa.


….men evalureringa etter turneringa er i gang og me tek sjølvsagt imot innspel både positive og negative.

Me ynskjer å ha som mål at turneringa skal vera så god som muleg og tek difor imot alle innspel som kan hjelpa oss å nå målet vårt.

Det er alltid trist når lag fell frå, slik som både Rosenborg, Start, Lillestrøm og Vålerenga gjorde i år.  Men dei har forsikra oss om at dei kjem sterkare attende neste år. Då har me som kjent fått hall i Lærdal og me vil gjera vårt til at turneringa 2007 vert «ei kjempehelg».

Men spesielt gledeleg er det at nye lag kjem til.  Eit av laga, Fotlandsvåg nådde heilt til kvartfinalen der dei tapte mot Viking.  Vinnarlaget Ålesund var også 1.års deltakarar.  (og sikkert ikkje siste)

..Gledeleg er det SELFØLGELEG også at vår kjære Henry Øberg kom til turneringa.
Henry og RolfHan vil for alltid ha ein spesiell plass i hjarta til alle involverte i Veteranturneringa.
Ein annan nykommar i år var ingen ringare enn Holmenkollgeneral Rolf Nyhus.  For oss arrangørar er det ei stor æra at slike som han set av tid til slike turneringar.
I tillegg stiller Svein Inge Thime opp år etter år. Desse saman med våre lokale dommarar gjer ein kjempejobb og me er heilt avhengig av at desse er med oss vidare.  Rolf Nyhus sa i sin flotte tale under banketten, der han gjorde stas på støtteapparatet og alle frivillige ………: «dersom du er «fri og villig»……..ja da går det godt»……. 🙂 (fin den…)
Turneringas veteranspelar 2006


Jens Herstad, vart som kjent kåra til 2006 – turneringa sin beste veteranspelar. Berre 2 ballar gjekk forbi han og i nettet under turneringa. Herstad var i år utlånt til Ålesund. Og Ålesund kan prisa seg lukkelege over at Jens sa ja til å vera keeperen deira.

Jens hadde si aktive karriere i Jotun frå 1987 – 1997. I tillegg til å vakta fotballmål har også Jens vore innom som keeper for handballen i ÅTIL.  No om dagen har Jens ansvaret for keepertreninga i aldersbestemt fotball på Årdalstangen.

Årets old-boys spelarKjekt var det også at ein annan av våre lokale fotballheltar vart kåra til turneringas beste old-boys spelar.  Nemleg Frank Øyre.

Dei som kjenner Frank uttalar at han er i «sitt livs form» og har ein enorm arbeidskapasitet.  Noko han også viste oss under turneringa.

Han hadde nok enno hatt mykje å bidrege med på vårt lokale 2. divisjonslag.


Anne Lise Aasen
Trondheims-Ørn var i år med for fyrste gong i Veteranturneringa.  Tidleg i turneringa synte Anne Lise gode takter.  Og det var vel liten tvil om at ho kom til å vera med i konkurransen om å bli kåra til turneringens beste old-girls spelar.

Anne Lise har 240 kampar på Ørn`s A-lag.  Ho spelte for Asker i tida 1995 – 2001.  Der ho også var med på laget som vart seriemeistrar både i 1998 og 1999.  Samt cupmeister i 2000.

Veteranturneringa gratulerar alle nok ein gong….og det vert spennande å fylgja dykk neste år.


Sogndal 2006




Sogndal tapte for Ålesund 3 – 1 i semifinalen.  Me noterte oss at dei yngse Sogndølene Asle Hillestad og Atle Torvanger var ute med skade. Med desse to med neste år vil me tru at Sogndølene framleis hevdar seg i toppen.






Helgeland 2006
Haugesund var eit av dei andre laga som på forhånd var med i gullkampen 2006.

Dei møtte Viking i semifinalen.  Viking vart for sterke og vann 3-7.


På Haugesund sitt lag utmerka spesielt  Asbjørn Helgeland seg. Han var nok ein av  spelarane som eg trur jurien av bestemannsprisane la godt merke til.

Haugesund er nok også eit lag som vil koma sterkt attende neste år.


Viking 2006
…på nytt havna Viking i finalen. 
Ikkje i år heller klarde dei å dra det lengste strået….


Ålesund var suverene og vann turneringa 3 – 0.


 


Men Ingve Bøe og Viking kjem garantert sterkt tilbake neste år.



Trondheims-Ørn

….og draumefinalen fekk me oververa då Klepp og Trondheims-Ørn møttest på nytt.  Sist dei møttest var i cupfinalen i 1989.  Der Klepp vann.


No gjekk sigeren til Trondheims-Ørn og dei fekk revansje.

Me tippar at begge desse damelaga kjem sterkt tilbake neste år.





Då gjenstår det i denne omgang å retta ei stor takk til alle laga som har delteke i årets turnering, alle i støtteapparatet, sponsorar, idrettslaga i Årdal og Lærdal, idrettskonsulent Knut Bordal samt publikum og alle andre som gjer til at dette vert ei positiv oppleving år etter år.

Me håpar at de med «visse mellomrom» er innom sidene våre.  Sjølvsagt skal me fylgja byggeperioden inntil ny hall er ferdig i Lærdal.  I tillegg vert det kanskje fotballsamlingar for aldersbestemt fotball i regi av Veteranturneringa.  Desse vil me selfølgeleg dekka på sidene våre.

Er du interressert kan du abbonera på nyhende og dermed få mail når noko nytt skjer på sidene våre.

På vegne av Veteranturneringa ynskjer eg alle ein fint år !! Me gler oss allereie til januar/februar 2007.

Web-ansvarleg: Ruthl@indresognbil.no


 Foto: Steinar Kvigne og Siren Svortevik.