Bussrute til og frå Veterancup 2017

NB! Endring – kun ein buss i år pga. lita påmelding.

Veterancup vil i år ha kun ein buss som går frå Bergen til Lærdal denne helga, pga. lite påmelding. 

Frå Bergen til Lærdal fredag 27. januar:
Bussen går frå Flesland kl. 09:30, frå Nesttun kl. 09:45, frå Bystasjonen kl. 10:00.

Frå Lærdal til Bergen Søndag 29. januar:
Bussen går tilbake til Bergen kl. 10:30 frå Lærdal Hotell

Pris pr. person inkludert interntransport i helga er kr. 700,- tur- retur Bergen

Dersom de ynskjer å vere med ein av bussane, ber vi om at de tingar plass hjå transportansvarleg,
Harald Stadheim, e-post: harald.stadheim@vegvesen.no tlf. 975 26 998

Frist for å bestille av plass på bussen var måndag 16. januar, men det kan endå vere ledig plass.

Betaling:
Vi ber om at de betaler inn til Veterancup, konto nr. 3745 30 32435. Hugs å merke betalinga med klubb og antal personar de betalar for.

Nordnes I.L., klar som alltid!

Nordnes I.L. frå Bergen er ein av veteranane i Veterancup. Dei gule naboane til Akvariet har delteke i mange år med blanda sportslege resultat, men med stor innsats og ein del gode enkeltresultat. I fjor spelte dei 2-2 mot Viking som vann 50-klassen til slutt. Når det gjeld det sosiale, derimot, har Nordnes markert seg sterkt og positivt. Dei er også allsidige; dei har ein habil skøyteløpar i sine rekkjer. Rett nok ingen Maier, men dog.

Kjell Erik Ødemark fortel at dei trenar stort sett ein gong i veka felles. Dei skal vera med i Vadmyra Cup no i januar for å spissa formen. I denne cupen har dei spelt fleire finalar opp gjennom åra og slått Brann undervegs. I fjor måtte dei bruka litt krefter for å klara å stilla lag grunna skader og jobb i utlandet, men i år er fleire av dei faste tilbake.

Me takkar for samtalen og ynskjer Nordnes I.L. lukke til og vel møtt!

 

Lars Einar Torsnes

Send inn laglister

Turneringa nærmar seg med stormskritt og vi ber om at laga sender inn sine laglister. Nytt av året er at de no skriv inn all informasjon i same tekstfelt (Navn, år, merittar etc). Dette vil bli lagt inn på kvart lag slik at ein kan sjå kven ein skal bryne seg mot under turneringa.

Laglistene finn de her

Napp i vandrepokalar.

Dersom eit lag har eitt eller to napp i ein vandrepokal og seinare stiller som samarbeidslag, dreg dei nappet/nappa med seg. Døme: Bærum vann 50-klassen i 2014. I år stiller dei som Bærum/Manglerud Star. Dersom dette laget vinn 50-klassen, vil dei ha to napp i vandrepokalen.

For Veterancup

Lars Einar Torsnes

Veterancup ønskjer alle eit riktig godt nytt år!

Da nærma 2016 seg slutten og vi tek snart fatt på 2017. Det er heller ikkje lenge til Veterancup 2017 som går av stabelen 27-28. januar 2017. Me håpar at alle laga no er godt i gang med opptrening til turneringa og at formen er i annmarsj, både sportsleg og ikkje minst til banketten.

Me i Veterancup ønskjer med dette alle eit riktig godt nytt år og ønskjer velkommen til turnering i 2017.

Julekalender – Takk for i år!

Takk for i år! Årets julekalender er vel i hamn. Me fekk tre vinnarar med fullt hus: Pål Erik Ytreeide, Arvid Huun og Kjell Rune Pedersen. I tillegg trekkjer me ut nokre premiar blant alle deltakarar som har levert minst fem svar. Premiane vert overleverte under Veterancup.

 

Lars Einar Torsnes, quizmaster.

 

Fasit luke 24: Norheimsund (2004) og Odda (2015).

 

Veterancupens julekalender.

Veterancupens julekalender er tilbake. Me byr på spennande oppgåver og flotte premiar. Det vert vinnar- og deltakarpremiar levert av Hardanger Bestikk. Oppgåvene vert lagde ut kvar morgon, og svarfrist er ved midnatt same dag. Gårsdagens fasit vert lagd ut saman med ny oppgåve. Svar kan sendast til larseto@hotmail.com eller som SMS til 90881267. Hiv deg rundt og bli med!

Lars Einar Torsnes, quizmaster.

Bussrute til og frå Veterancup 2017

Veterancup vil i år ha to bussar som går frå Bergen til Lærdal denne helga, og vi håpar at mange som mulig vel å fylgje ein av bussane våre.

Frå Bergen til Lærdal fredag 27. januar:
Buss nr 1 går frå Flesland kl. 09:30, frå Nesttun kl. 09:45, frå Bystasjonen kl. 10:00.
Buss nr 2 går frå Flesland kl. 10:30, frå Nesttun kl. 10:45 (NB! ikkje om Bystasjonen)

Frå Lærdal til Bergen søndag 29. januar:
Begge bussane går tilbake til Bergen kl. 10:30 frå Lærdal Hotell.

Pris pr. person inkludert interntransport i helga er kr. 700,- tur- retur Bergen.

Dersom de ynskjer å vere med ein av bussane, ber vi om at de tingar plass hjå transportansvarleg, Harald Stadheim, e-post: harald.stadheim@vegvesen.no tlf. 975 26 998.

Busstider kan verta endra, så følg med på heimesida.
Frist for å bestille plass på buss er måndag 16. januar.

Betaling:
Vi ber om at de betaler inn til Veterancup, konto nr. 3745 30 32435. Hugs å merke betalinga med klubb og antal personar de betalar for.

40000 til aldersbestemt fotball

Også i år vart deler av overskotet frå Veterancupen delt ut til dei aldersbestemte laga til IL Jotun, Lærdal IL og Aurland IL.

– Me må gi noko tilbake også. Aldersbestemt er framtida, så her må me vere med og bidra. Det er riktig å bruke pengar på framtida, seier leiar for fotballgruppa i Lærdal IL, Jan Tore Stølen til Porten.no.

Saman med Trond Mjøs og Bjørn Øvstetun tok dei imot sjekken på 40.000 kroner laurdag.

Les meir om utdelinga på Porten.no

veterancup-utdeling-2016_red

Resultat frå Veterancup 2016

Da er nok ein ny vellukka Veterancup unnagjort sjølv om vi sleit både med dårleg ver og straumbrot.

Resultata vart:

Old Girls: Sandviken – Kaupanger 0-2

Veteran Girls: Sogndal – Follese 1-0

Old Boys: Sogndal – Kaupanger 5-2

Veteran: Vålerenga – Brann 5-9

50+: Stordal – Viking 1-4

Vandrepokalar som skal vinnast 3 gonger – sponsa av Rolf Jerving.
Beste spelar klassevis

Old Girls: Jori Skorve, Kaupanger

Veteran Girls: Hilde Ellingsen, Sogndal (+ totalvinnar)

Old Boys: Henrik Salveson, Sogndal

Veteran: Cato Guntveit, Brann

50+: Stig Klungtveit, Viking

Totalvinnar: Hilde Ellingsen (stol frå Stordal Møbel).

Alle vinnarane fekk premie frå Hardanger Bestikk

Hilde Ellingsen vinnar 2016