Stordal er klare!

Stordal er ein av dei «eldste», gamle travarane i Veterancup. Laget frå Sunnmøre har vore med alle gongane unntatt ein. Dei fekk då godkjent fråvære i og med at dei den helga stod som arrangør av junior-NM i alpint. Me har hatt ein prat med primus motor Hallgeir Hove.

Hallgeir har vore med heile vegen inkludert den ovanfor nemnde helga. Det året var han gjestespelar for Aalesund, og dei var ikkje verre  på det enn at dei gjekk til topps i klasse veteran 40. Hallgeir er full av lovord om cupen der både fotballen og ikkje minst det sosiale blir trekt fram. Dei førebur seg til komande turnering med trening kvar søndag i tillegg til  å halda seg i generell bra form. Dei  skal spela  i klasse V55 i 2024, og mannskapet inneheld stort sett gamle kjende fjes og namn.

Me ynskjer Stordal velkomne til turnering i januar!

 

Lars Einar Torsnes