Brann V60+

Klasse V60+ for herrar er ny av året. Klassen er ein konsekvens av at sjølv fotballfolk blir eldre og treng nokolunde jamne alderskonkurrentar. Me har snakka med Kjell Rune Pedersen frå  Brann.

Kjellien kan fortelja at Brann vart kretsmeister i Hordaland i klasse 60 år. Sidan dette er den einaste krinsen som har 60-klasse, kan dei også (uoffisielt) kalla seg norgesmeister. Dette laget er rett nok ikkje identisk med laget som deltek i Veterancup. Veterancuplaget består  av stort sett gamle kjenningar som Ingvar Dalhaug, Erik Nordgreen, Harald Lundekvam, Arvid Torsvik og Kjellien sjølv. I tillegg har han nokre namn på blokka, og han melder at dei stiller slagkraftig.

Elles ser Branngjengen, som alle andre, fram til å møtast i Lærdal att, både på parkett og bankett. Tre år er gått sidan sist, men no er me i gang att!

 

Lars Einar Torsnes