Ordførarintervju med Trygve Skjerdal og Hilmar Høl

– Ei artig turnering

Han har vore med på turneringa i mange år både som spelar, funksjonær og friviljug frå Raudekrossen, aurlandsordførar Trygve Skjerdal.
Han er glad for at turneringa no er tilbake, etter eit år med coronapause.

– Dette er eit kjærkome tiltak og ein artig aktivitet både for dei som er med og dei som ser på. Men det er viktig at turneringa held det dei lovar når det gjeld landslaga, at dei kjem dei trekkplastera som er lova på førehand.

Skjerdal har mange aktive år på fotballbana, både i Aurland og Lærdal.

– Eg hugsar Magnar Ljøsne omskolerte meg frå spiss til venstre back då eg kom til Lærdal.

Sjølv om Skjerdal er glad for at turneringa er på stell att, finn han det ikkje naturleg at ein kommune går inn og sponsar turneringa

– Men me kan drøfta halleiga, veit ikkje om me er spurde om det enno.

Heller ikkje årdalsordførar Hilmar Høl finn det rett at ein kommune sponsar slike turneringar.

– Me sponsar ikkje vaksne folk som vil ha fest og moro.

Kommunen sponsar ikkje turneringa, trass i at det også blir spela kampar i Årdal under turneringa.

Høl legg til at det sjølvsagt kan vera aktuelt med sponsing av heile eller deler av halleiga.

– Det kunne vera noko som kommunen kunne gå inn med. Men så vidt eg veit har me ikkje fått søknad om stønad til halleiga. Men sponsing er ikkje aktuelt, seier Høl.

– Nei, nei, det ville i tilfelle vera å sponsa vaksne folk som vil ha seg ei frihelg med fotball og fest. Fotballen er nok ein viktig del, men det er festen, banketten og samveret om kvelden som er moro og som folk kjem for.

Ordføraren seier han ikkje har følgd så godt med på veterantureringa, men er interessert i fotball. Sjølv har han 12 kampar som midtstoppar på Jotun sitt A-lag på 80-talet.

– Mykje likt Gordon McQueen, gliser Høl og viser til den tidlegare stopparkjempa i Leeds og Manchester United.