Veterancup – live frå tre arenaer

Mykje har skjedd sidan første turnering med omsyn til resultatservice og live-oppdateringar på nett. I år tek vi det eit stort steg vidare. Eit utval kampar frå innleiande rundar på alle arenaer (Årdal, Lærdal og Aurland), og heile finalespelet vert strøyma «live». Så om du sit på Klaksvik, ættar etter Ingolf Arnarsson, eller normal følgjer med på Veikkausliiga kan du sjå kampane «live» via YouTube.

«Vi legg opp til at fotballinteresserte over heile verda kan følgje med, men vi reknar sjølvsagt med at det er dei mest ihuga supporterane knytt til dei deltakande landslaga som vil vere ivrigast, seier general Flodsand».

Det er eit stort apparat som skal til, men om vi skulle gjort dette for ti år sidan ville vi brukt eit «halvt TV2-team». Vi er så heldige at Høgskulen på Vestlandet (HVL) vil samarbeide med oss. Dei vil prøve ut sending frå ulike stader – med TV-kvalitet – i same sending. Og lokal ungdom får høve til å lære litt «TV-produksjon».

«HVL skal vere tett på regionen, og denne teknologien som vi nettopp har fått på plass ønsker vi å bruke i mange samanhengar. Dette ser vi fram til å vere med på», seier Brian Holmedal, prosjektleiar ved Medielab i HVL.

Reint teknisk vert det filma i kvar hall. Desse signala vert sende til ein felles virtuell miksepult. Der vil kampbilete og intervjusituasjonar bli sende ut på ein YouTube-kanal, etter at reklameplakatar, lagoppstillingar og mykje anna er lagt til sjølve biletstraumen. Det er ikkje mange sekunda forseinking frå eit spark på ballen, til sjåaren på Søvang ser kva som skjer.

«For turneringa gir dette ein ny dimensjon, både med omsyn til service og til marknadsføring. For landslaga kjem vi til å tilby sponsorplass minuttet før kampstart, slik at dei kan hente inn midlar frå deira nasjonale sponsorar, og slik finansiere si eiga deltaking, eller gi midlane til gode formål lokalt», seier Flodsand.

Så det er berre å følgje med på heimesida til turneringa på kampdagane – der vi de finne rett lenke til sendingane.