Vilje, humør og innsats

Det ligg i botn når oldgirls laget til Lærdal går på bana.

– I 2020 skåra me eitt mål, i år bør me i alle fall doble dette talet, seier Iris Blaaflat.

Dei har aldri vunne ein kamp i Veterancupen, men her er det mottoet tap og vinn med same sinn som er i fokus.

– Nei, me har ikkje fått nokon seier på bana, men festen vinn me uansett. Det gjer me jo alltid, seier Iris, primus motor for den humørfylte damegjengen.

Unngå skadar

I haust har dei trent ute to gonger i veka, men no har dei trekt inn i hallen. Og det aller viktigaste fram mot turneringa er å unngå skadar.

– Ja det er det absolutt ikkje rom for. På treningane er det alltid bånn gass, og det har ført til både ribbeinsbrot og ankelskadar. Eg trur nok mykje av skadeplagene skuldast manglande teknikk og fart, fortel Iris. Det handlar i alle fall ikkje om mangel på innsats.

– På trening er det ikkje fred å få, full fart heile tida. Her ligg me langt framfor karane, dei står meir i ro og trillar ballen til kvarandre. Me er nok litt grovare, seier Iris med eit smil.

At lærdalsdamene vil setje sitt preg på turneringa både sportsleg og sosialt er det i alle fall god grunn til å tru.

Steinar Kvigne
Foto: Privat