Ordførar Audun Mo: – Ei merkevare

– Veterancupen er viktig for Lærdal. Med deltakarar frå fleire landsdelar, og landslagsspelarar frå dei nordiske landa, er cupen i slutten av januar ei merkevare som er med og set Lærdal på kartet, seier ordførararen.

Dugnadsinnsats

Veterancupen er i sin heilskap basert på dugnadsinnsats, der svært mange er involvert. Og slik må det vere for å få eit arrangement av ein slik størrelse til å gå rundt.

– Eg vil gje honnør til alle som bidreg, for eg veit det er mykje arbeid som må gjerast, både i planlegging og gjennomføring av cupen, seier ordføraren. Han legg til at arrangementt og betyr mykje for deler av næringslivet i bygda.

– Ja heilt klart, det er jo mange tilreisande, og dei legg att ein del pengar i løpet av ei helg.

Midlar til breiddeidretten

Eit eventuelt overskot frå Veterancupen går i sin heilheit til breiddefotballen i arrangørklubbane Lærdal, Aurland og Jotun.

– Det tykkjer eg er veldig flott, og eit godt signal, seier ordførar i Lærdal, Audun Mo. Han ynskjer alle deltakarar velkomne til ei fin helg i Lærdal i slutten av januar.

Steinar Kvigne

Foto: Porten.no