Kaupanger SuperVDamer

Kaupanger Superveteran Girls: Bak frå venstre: Rut Furebotn Loftesnes, Oddny Sønnesyn, Grete Teigen Ertesvåg, Britt Leni Berge. Framme frå ventre: Mona Teigen Kvam, Rakel Rauntun og Norunn Åberge.

På toppen av Veterancup sin adelskalendar for damer, finn me Kaupanger!

Fylkeslaget til VeteranCup og pionerane innan damefotball lokalt, kjem altså frå den vesle bygda Kaupanger.

I dag 22.november har ei av damene med lengst fartstid, bursdag! Etter tips frå lagveninner, regnar me med at dagen blir feira med fotball og ei iskald cola; Gratulera så mykje med dagen Rut Furebotn Loftesnes!

Medan fleire av damene frå det første veterancup-laget deira, har lagt skoa på hylla. Består likevel kjernen hjå SuperVD av spelarar frå 2002-laget! Rut og Britt Leni Berge er to som framleis er med for fullt.

Britt Leni kom til Kaupanger for å spele fotball i si tid. Her fann ho også sin utkåra, og tok han lik så godt med heim til Florø, etter fleire gode år i Kaupanger.

Sjølv om mange spelarar flyttar «heim» etter ei tid i Kaupanger, er bånda lagveninnene knyter, både varige og sterke. Minst ein gang i året, møtes gjengen igjen til ulike sosiale treff. Mellom anna under VeteranCup i Lærdal, kor også fotballskoa blir pakka med i bagen.

Britt Leni, du er ein av «kjernen» – korleis har det seg at laget har same «kjerne» på Veterancup i 2022 som i 2002?

– Godt og inkluderande miljø, flinke til å samlast innimellom sjølv om ikkje alle bur i Kaupanger og Sogndal lenger. vi har det veldig kjekt i lag.

Korleis klarer ei lita bygd som Kaupanger å stadig hevde seg innan damefotball?

– Sjølv om Kaupanger er ei lita bygd så har dei vore flinke på å hente talent frå heile fylket, og det at ein kombinerer fotball med utdanning i nærheten er også ein fordel. Sjølv om det er ein liten klubb, driven på dugnad så har tidlegare spelarer og folk i bygda vore flinke å stille opp, damene er blitt tatt på alvor, og det er blitt lagt til rette til gode treningsfasilitetar.
Eg har hatt ei veldig fin tid med Kaupanger og set veldig pris på det sosiale vi har i lag, dei er flinke til å inkludere. Ein av dei tinga eg sit igjen med frå gamledager er at eg følte at foreldre og bygdefolk tok så godt vare på oss. Eg snakkar fremdeles med dei når eg treff dei i Kaupanger – det er ei bygd med stort hjerte.

Du var ein av dei som kom til bygda for å studere og for å spele fotball – kva hadde det å sei for deg då, og for vegen vidare?

– Eg spelte i Kaupanger i 3 år og knytta vennskap for livet. Eg hadde ei kjempefin tid både sosialt og fotballmessig desse åra. eg fortsatte ikkje med fotball på samme nivå etter Kaupanger men tilbake i Florø har eg vore med å spele aktivt litt til og frå i nesten 25 år. Første åra var eg også med som spelande trenar for damelaget og som sonetrenar.

Du har jo også spela på Sandviken – kjenner du på litt ekstra konkurranseinstinkt når kampen mot dei skal kjempast, eller har ting endra seg no når ein er blitt «voksen»?

– Eg har jo også litt av hjerte mitt i Sandviken og blei veldig imponert når dei i år tok seriegull. Eg går enno på bana for å vinne og synes det er ekstra kjekt å spele mot Sandviken, dei er fine folk. kjenner litt på gammalt konkurranseinstinkt då, men det går greit å tape så lenge ein er fornøgd med spelet, så det har nok forandra seg litt med alderen 😀’

Kva tenker du om at Kaupanger no går inn i «ny drakt» bokstaveleg tala, ved å bli FK Sogndal, og byter ut #grønadrakti?

– Kjenner litt tristhet over at ein epoke er «over» men tida forandra seg, verden går framover og vi må vise endringsvilje. Eg trur at det i lang tid har vore utfordrande å rekruttere og beholde damespelarar i gamlefylket, tidene forandra seg og fotballen blir meir profesjonalisert. det blir spennande framover og eg trur at når ein kan dra nytte at Sogndal sitt profesjonelle apparat, trenarkompetanse, fysio, markedsføring o.l så kan det gi eit løft til damefotballen. Eg håpar at ein ikkje mister fokus på satsinga og interessa rundt damene, og passar på at det ikkje kjem i skyggen av herrane.

Har det noko å seie for klubbkjensla når du entrar parketten i Lærdal?

– Eg er glad og stolt av å få spele på Kaupanger – det blir ekstra stas å ta fram att den grøne drakta i år!

Takk for praten Britt Leni! Me ynskjer velkommen og lykke til på VeteranCup 2022!