Veteran(cup)legen

Geir Berge Øverland har dei siste fire åra vore cupen sin legedelegerte. Dette i godt samarbeid med dei som har ansvaret for fyrstehjelp i samband med turneringa.

– Ja og dei gjer jo ein kjempejobb, seier Geir.

Med sin bakgrunn, er Øverland sin jobb fyrst og fremst å sjå til at fyrstehjelp er på plass på banene som er i bruk under Veterancupen.

– Ja, i tillegg til hallen i Lærdal har eg meg ein tur både til Aurland og Årdal. Og det har alltid vore ok, seier Øverland

Lite skadar

Sett i samanheng med kor mange som deltek på Veterancupen,  har det eigentleg vore lite skadar.

– Det meste har som regel ordna seg med bruk av isposar. Likevel, det er viktig å følgje med. Det er jo ikkje akkurat ungfolar som boltrar seg på parketten, men det skulle ein kanskje tru når ein ser på innsatsen. Her er det knallharde taklingar, det vert slett ikkje lagt noko i mellom, seier Geir.

Nattbading

Av meir pussige episodar nemner han den gongen to festdeltakarar tok seg eit seint bad i kanalen ved Løytnantsbryggja.

– Det var kanskje forfriskande men og kaldt vil eg tru. Problemet var at ein av dei fekk eit kutt i foten, og måtte syast. Men det gikk bra, eg fekk lappa han i hop at på akuttmottaket på sjukehuset, fortel Geir.

Gjevande

Veteranlegen seier det er mykje planlegging som må på plass før turneringa tek til.

– Ja det er mykje arbeid, men det er ein positiv gjeng som legg ned ein stor innsats heile vegen. Slik sett er det gjevande å vere med på, seier Geir Berge Øverland.

Steinar Kvigne