Tore Andrè til veterancupen

Sjølv ikkje eit par hofteoperasjonar skal hindra superspissen Tore Andre Flo i å delta i veterancupen 2022.

– Eg har lyst og vil bli med dersom eg har høve til det. Eg har ikkje hatt tid og sett på kalendaren eller drøfta med familien om me har andre planar. Men er eg ledig, så kjem eg til Lærdal, eg satsar på det, seier Flo på telefon frå Gardermoen, på veg tilbake til Chelsea etter kontraktssignering i Sogndal.

48-åringen har ei eventyrleg karriere bak seg og er gjennom tidene ein av landets beste fotballspelarar. Han var sentral på landslaget i ein ti-årsperiode frå 1994. Kven har vel gløymd tunnel og skåring mot Brasil i fotball-VM i 1998, der Noreg vannn 2-1 i avgjerande kamp. Flo skåra og skaffa straffen etter han vart riven ned i feltet.

I si aktive karriere representerte han klubbar som Sogndal, Tromsø, Brann, Chelsea, Rangers, Sunderland, Siena, Vålerenga og Leeds.

Han er for tida spelarutviklar i Chelsea, akkurat no med lånespelarar som han vidareutviklar saman med klubbane dei reiser til.

Flo seier han har lyst å få med seg veteranturneringa, der han vil spela for landslaget.

– Det skal bli kjekt å møta gamle kjenningar og eg har snakka med fleire som skal bli med. Eg har høyrt at Harald Aabrekk skal vera trenaren og Håvard Flo seier han gler seg mykje. Så dette blir artig. Det blir ei artig helg med artig fotball. Kanskje ikkje så god fotball, men dette ser me. Ikkje minst er det sosialt artig, både under turneringa og på kvelden.

Han legg til at når han tek på seg drakta, då blir det uansett alvor.
– Ja, det blir ikkje skikkeleg artig om det ikkje ligg litt alvor i det. Det er ingen som likar å tapa.

Sjølv om Flo ikkje har vore med i Veterancupen tidlegare, så er han ikkje ukjend med slike turneringar.

– Eg har vore med Chelsea i slike turneringar både i Asia og USA, det er som sagt veldig artig.

Flo vil ikkje kalla seg skadefri og trur heller ikkje han nokon gong ville kunna seia det om seg sjølv. Han har skifta begge hoftene to gonger, så han har vore gjennom fire operasjonar etter at dei to første var mindre vellukka.
– Men eg er smertefri, siste operasjonen ser ut til å halda det meste på plass.