-Me går alltid for seier

For tre år sidan vann Lærdal old boys finalen i Veterancpen, men i 2020 vart det tap.

– Det var jo litt surt, men slik er det seier, seier Øystein Lindesteg Rinde, primus motor for laget til lærdølene.

Prestisje

Til cupen i januar møter dei Elverum og Jotun, to lag dei veit vil yte god motstand.

-Alltid kjekt å møte naboane frå Årdal, mot dei vert det som regel ein del «baluba, seier Øystein med ei smil. Han ser og fram til å spele mot Elverum, der lærdølen Ørjan Skilbrei er ein spelarane.

-Det blir nok eit prestisjemøte. Dei skal nok få køyrt seg, det er ikkje berre å koma frå Elverum og tru de vert ein enkel match mot oss, seier ein offensiv Øystein.

Unngå skadar

Lærdølene har trent ute sidan midten av august, no går det mot innetrening i Lærdalshallen.

-Det gjeld å koma i form, for det er ein tent gjeng som tykkjer det er moro å samlast, og ser fram til å få kjenne litt på kampfølelsen. Det viktigaste framover er å unngå skadar, då ligg me litt tynt an, avsluttar Øystin Lindesteg Rinde. I tillegg siller desse for Lærdal: Tarjei Gjelsvik, Ingebrigt Bøe, Hallgeir Bøe, Serif Isic, Halvdan Johnsen, og Øystein Østergren.

Steinar Kvigne