– Dette bli veldig gøy

Petter Vaagan Moen debuterer i Veterancupen.  Hamkamspelaren, som tidleg i karriera lokalt vart kalla for Mjøsas Beckham, gledar seg stort til å møte gamle fotballvener både på og utanfor bana.

– Eg har høyrt mykje positivt om cupen i Lærdal. Ikkje minst blir det fint å treffe att gjengen frå den tida eg var i Brann. Ein klubb som på mange måtar var med å forme meg til den eg er i dag, seier Vaagan Moen.

Proff i England

Petter starta karriera i Hamkam, og spelte vidare i Brann, Queens Park Rangers, Strømsgodset og Lillestrøm.

– Tida i QPR var lærerik på mange måtar, men og ei tøff livserfaring. På ein måte «survival of the fittest». Eg kom til ein klubb i kaos. Det var tøft å lukkast, og reint mentalt var eg nok ikkje klar for det, seier han.

Bra lag

 Hamkam kjem til Veterancupen med eit godt lag, der Petter Vaagan Moen og Torstein Helstad nok er dei mest profilerte.

– Eg meiner me har eit godt lag,  men det er det sikkert mange andre som og har. Me skal i alle fall gjere vårt beste, seier Vaagan Moen. Han la opp som toppspelar i 2019, men har sidan hatt nok å henge fingrane. I alle fall på heimebane.

– Ja, eg og sambuaren min fekk tvillingar for 18 månader sidan, så det er mykje å drive med på den fronten, men sjølvsagt veldig, veldig kjekt, avsluttar Petter Vaagan Moen.

I tillegg til mange kampar for ulike klubblag, spelte hedmarkingen 18 kampar for U-landslaget og 9 kampar for A-landslaget.


Steinar Kvigne