Drakta kjenner ingen alder

– Me går alltid på bana for å vinna. Sjølv om det er mykje leik og moro, så er det alvor når du får på deg drakta.

Det seier Kjetil Wæhler, den kompromisslause forsvarsspelaren som stiller for veteranlandslaget i turneringa.

Dei tapte finalen mot Danmark for to år sidan og er ute etter revansje.

– Danmark var hakket betre enn dei andre sist, så får me sjå kor god form dei er i denne gong. Det er skilnad på formen i dag i høve til for 15-20 år sidan, då formen var på topp.

Lang karriere

Wæhler har ei lang karriere som aktiv fotballspelar bak seg, blant anna i Wimbledon, Vålerenga og IFK Gøteborg. Dei to sistenemnde fekk han cup-gull med.
Han fekk også nokre kampar med Sogndal på tampen av den aktive karriera. Wæhler debuterte på det norske landslaget i 2005 og var fast i troppen i mange år.

Må vera med

Wæhler var rask med å takka ja på spørsmål om han ville bli med i komane utgåve av turneringa.

– Så lenge eg er i form og tykkjer at fotball framleis er gøy, så stiller eg når eg blir spurd.

Wæhler tykkjer det er stas at turneringa har med landslag.

– Her får me moglegheit til å spela mot andre veteranlandslag, og det er litt meir stas enn å spela på klubblag sjølv om det også kan vera moro.