Fakta om turneringa

Alkoholnekt, dressplikt på bankett og stive prisar er påstandar som den siste tida er retta mot veterancupen i ulike mediar.

Turneringsleiar Roald Flodsand er nokså oppgjeven over alle rykte og påstandar som er framsett og vil gjerne få fram fakta og grunnlaget for årets gjennomføring av Veterancupen.

– Eg tenkte i starten å berre oversjå dei, men no er det så mykje feilinformasjon ute og går at eg ser meg nøydd til å koma med einskilde fakta i saka.
Når det gjeld påstanden om alkoholnekt, stiller Flodsand spørsmål om det er noko hotell som har bankett og som ikkje vil servera alkohol.

– Hotellet ynskjer å tena pengar, sal av alkohol er ein viktig del av inntekta. Så den påstanden er heilt urimeleg. Det er heller ikkje dressplikt på banketten, men samstundes er det viktig å få fram at dette ikkje er nokon bygdefest. Det er ein bankett med mat og premieutdeling, så ein viss kleskode ynskjer me. Folk treng ikkje koma i holete dongeribukser. Men plikt til å bruka dress er det ikkje.

Hotellet ynskjer å laga til ei minnerik helg for tilreisande under Veteranturneringa. For hotellets del medfører dette planlegging, stor ressursbruk, oppvarming av hotellet på ei tid det ellers ville vore nedstengt. Frå hotellets ståstad ynskjer dei sjølvsagt å sitta igjen med eit overskudd, der sal av drikkevarer er ein viktig del av inntekta. Så påstanden om alkoholnekt må være teken ut av lause lufta og fell på eigen urimelegheit. Det er heller ikkje dressplikt på banketten, men samstundes er det dugnadsgjengen sin intensjon om å laga til ei fotballhelg som deltakarane hugsar. Det inneberer også ein bankett som me ynskjer det skal væra litt stil over og det kan me som deltakarar bidra med ved å kle oss som me hadde gjort om me skulle på eit julebord.

Deltakingsavgifta til turneringa per lag er 3.000 kroner. Det tykkjer Flodsand er ein grei pris.
– Og laga visste om dette då dei melde seg på, det har heller aldri vore noko problem tidlegare. Det blir lagt ned mykje dugnadsinnsats for å få arrangementet i hamn. Ingen tenar pengar på dette, me har også utgifter som skal dekkast.

Det er viktig å skilja mellom deltakingsavgift (lagspåmelding) og prisen Lærdal Hotel tar for overnatting for 2 netter, middag fredag, bankett laurdag, og frukost begge dagar.

Dette er informasjon som ligg open på våre sider og er gjort kjent for laga da dei meldte seg på. Detta har heller ikkje vore noko tema tidlegare.
Det blir lagt ned mykje dugnadsinnsats for å få arrangementet i hamn. For å få gjennomført arrangementet har turneringa også utgifter som må dekkast, så for å avklara eventuelle misforståelsar så er det ingen av oss frivillige som får dekt noko eller tenar pengar på turneringa.

Det har også kome reaksjonar på at det er færre lag med på turneringa og at kvart lag berre kan ha sju spelarar med. Flodsand seier dette rett og slett skuldast at hotellet har redusert talet på gjester frå 400 til 240.

– Dette på grunn av pandemien, hotellet vil at alle skal kjenna seg trygge, samt pågåande ombygging, mindre lagerkapasitet og påfølgjande planlagt ombygging ved hotellet er kapasiteten i konferansesal komande år ikkje tilgjengeleg og følgeleg bankettkapasiteten mindre. Så dersom me skulle ha auka talet på spelarar på kvart lag, måtte me ha sagt nei til andre lag. Auke med ein spelar per lag ville hatt som konsekvens at me måtte ha sagt nei til fem-seks lag som no er med i turneringa.

Sjølv om reaksjonane har vore få, så har dei vore høglytte. Flodsand forsikrar om at alle konstruktive innspel til turneringa vil bli teke på fullt alvor og blir tekne med i planlegginga for dei neste åra med veteranturnering. Veteranturneringa er eit stort arrangement der me er avhengige av gode samarbeidspartnarar som me også må lytta til når det gjeld kva for retningslinjer me må legga oss på framover for å få gjennomført ei god turnering.

– Turneringa i dagens form, er vorten veldig populær. Me ynskjer sjølvsagt ikkje å endra mykje på noko som har vore vellukka over mange år, men nokre gonger skjer det ting ein ikkje rår over . Det er mange lag på venteliste. Å få landslag med, har også løfta turneringa endå eit hakk. Men me vil alltid evaluera turneringa og håpar at alle innspel baserar seg på fakta.

Ynskjer alle velkomen til Veteranturneringa i Lærdal og håpar på ei minnerik helg.