Kurt Mørkøre: Me er klare til kamp

Måltjuven frå Færøyane seier dei vil gjere alt dei kan for å slå dei andre landslaga i Veterancupen.

-Her blir det å gje bånn gass frå fyrste spark på ballen. Me skal i alle fall gjere vårt aller beste, så får me sjå kor langt det rekk, seier ein optimistisk Kurt Mørkøre. Fyrste gongen Veterancupen hadde eigen klasse for landslag var i 2020. Då vart Færøyane nummer tre, bak Danmark og Norge.

-Me slo jo både Finland og Island, så me har eit godt utgangspunkt, fortel ex-bakaren frå Klaksvik. Han kjem til Veterancupen med 7-8 spelarar, deriblant sin eigen bror Allan.

Tommel opp

Kurt Mørkøre har sjølv vore med i Veterancupen fleire gonger, og har berre lovord å seie om turneringa.

-Heilt fantastisk, eit flott opplegg både sportsleg og sosialt.  Skikkeleg moro, eg gjev to tomlar opp for Veterancupen i Lærdal, seier ein entusiastisk Mørkøre.

Heltestatus

I perioden 1999-2001 spelte han 39 kampar for Sogndal, og skåra i alt 26 mål. Den tidlegare bakaren, som var med på Sogndal sitt opprykk til det som no er Eliteserien, vart ein skikkeleg publikumsfavoritt på Fosshaugane.

– Heilt fantastisk klubb og bygd å kome til. Eg vart veldig godt motteken, og spelte på eit strålande fotballag.

Han innrømmer likevel at han ikkje var i sin beste form då han kom til Sogndal.

-Då eg kom dit «bikka» vel vekta 100 kg. Som bakar i Klaksvik, med god tilgang til sukkerholdige varer, var det lett å leggje på seg. Men med hard trening og sunnare mat gjekk pila på vekta raskt nedover, minnast Mørkøre.

Har du starta oppkøyringa til Veterancpen?

– Instinktet ligg jo i botn, men kondisjonen er vel ikkje heilt på topp. Eg må vel snart byrja å trena, seier den tidlegare toppspelaren, som i si tid fekk 37 landskampar for Færøyane sitt landslag. No bur Mørkøre i Elnesvågen der han mellom anna er trenar for klubben sitt 5. divisjonslag.

Steinar Kvigne