Aurland – arrangør og deltakar i Veterancup

Sekretariatet i Aurlandshallen + 2 av dommarane

Aurland I.L. har vore med heile vegen i Veterancup med lag i ulike klassar. Frå 2009 har dei også vore ein stødig medarrangør etter at dei fekk ny hall året i førevegen. Dei har vel ikkje forsynt seg særleg grovt av premiebordet, men dei kan skilta med skalpen til sjølvaste Manchester United etter siger 5-4 for nokre år sidan. Som ein forsiktig aurlending sa det: “Eg er ikkje heilt sikker, men eg meiner det er fyrste gongen at Aurland har slege Manchester United”.

I å er det litt uvisst kva spelarar dei får med seg, laget er samansett av folk frå Aurland og Lærdal. Kjenner me aurlendingane rett, så er dei klare til dyst i januar. Gamle sirkushestar og så vidare…

Aurland har også meldt på lag i Old Girls, men der manglar underteikna kontaktinformasjon slik at me eventuelt får koma tilbake til det laget.

Me ser fram til at Aurland er med både som arrangør og aktiv deltakar på bana.

Lars Einar Torsnes