Overnatting

Veterancup 2018 nærmar seg, og med 20 års jubileum og større interesse enn nokon gong, satsar vi fortsatt på å kunne innkvartere alle i Lærdal, fordelt på Lærdal Hotel, Granden Hotel, Lærdal Ferie og Fritidspark, Sanden Pensjonat og Lærdalsøren Hotell.

Bestilling av overnatting:
Bindande bestilling av overnatting m/bankett skjer gjennom innbetaling av kr. 2 595,- pr. deltakar innan 20.12.2017. Eventuelt ledige plassar vert deretter tildelt i tur og orden etter prinsippet om ”fyrste mann til mølla”.

Innkvartering:
Alle lag kan fremje ynskje om kvar dei vil overnatte, men for å få «kabalen» til å gå opp, må vi fordele dette etter kapasitet og kor mange deltakarar det kjem frå kvart lag. Vi legg opp til at kvart lag stiller med maksimum 9 spelarar, som hovudsakeleg vil bli innkvartering i 3- og 4 sengs rom. Endeleg oversikt vert lagt ut på www.veterancup.no i slutten av veke 3. Vi tek atterhald om at det kan kome endringar på overnattingsstad etter at den er lagt ut på nettsida.

Avbestilling:
Merk dykk at bestilling av overnatting er bindande ved innbetaling, og vert ikkje refundert ved ei eventuell avbestilling. (Pass på at de har forsikring/reiseforsikring som dekker avbestilling ved sjukdom mm., på samme måte som avbestilling av til dømes flybillettar)

Innbetaling:
Alle lag betaler inn til Lærdal Hotel, konto nr. 3705.10.58136, kr. 2 595,- pr. pers. Beløpet dekker overnatting med frukost begge dagar, middag og dans fredag samt bankett og dans laurdag.

Vi ynskjer lagvis innbetaling. Dersom deltakarar likevel betalar direkte, er det viktig å skrive på kva lag vedkomande tilhøyrer og at LAGLEDAR FORMIDLAR DETTE.

Ser fram til å høyre frå Dykk med endeleg påmelding, og i mellomtida vil vi ynskje dykk alle ei God Jul og Godt Nytt År!

Med venleg helsing
Lærdal Hotel – Ole Kr. Nedberge