Midsunds argaste damer til Lærdal for 10 gong…

Det lakkar og lir mot ny Veterancup, og dei argaste damene i Midsund har starta førebuingane; inneskoa er lappa saman med diverse typar teip, og søndag 3. desember gjennomførte 7 av oss ei meir eller mindre fartsfylt trening på knappe timen, som kunne minne meir om ei intensiv intervalløkt; 10. min fjas og fliring – 5. min. oppvarming med lett tøy og bøy – 2 min. Hawaii fotball – 4 min. drikkepause – 30 min. uttøying i avanserte yogaformasjonar  – 5. min til selfies og oppdatering på sosiale media…. Godt nøgd med eigen innsats håpar me å få til minst éi like solid økt før deltaking på lokal Bygdacup i romjula, der me har funne det best å spreie vår solide erfaring over 4 lag, og fylle på med småjentene mellom 14-40 år.

Årets cup har vi sett fram til med ‘hjertesmerte’!  Me har venta på at våre yngste ENDELEG skulle bli soppas gamle at me kan delta i Veteran klassen heilt sidan vårt første inntog i Lærdal tilbake i 2008.  Det var ei viss Lene, frå eit visst Arna/Bjørnar, som rota seg borti ein viss Midsunding, som so forvilla seg på våre fotballtreningar og sosiale happenings – som meinte «dokke e som skapt for’an». Det var me! Og sidan har me trufast køyrd 600 km inkl. 10 ferjeturar t/r kvart år (med kun eit heiderleg unntak i 2013). Så dette blir vårt 10 års jubileum J

Av ein eller anna grunn har me god tru på at farta i Veteranklassen er meir tilpassa oss enn Old Girls klassen har vore.  Me blir 9 som tek turen, og våre ambisjonar er at hes, bles, spark & spenn, eder & galle, med dertil gjenoppliving på sidelinja – erstattast av ei og anna pasning som kjem fram til nokolunde rett adresse, kanskje nokre susande nettkjenningar, og at dette er med på å redusere køa ved hjertestartaren….

Anyways…. Me har det kjempekjekt i Lærdal, både på og utanfor bana, og STORTRIVES under bankett/dans/nightlife på hotellet. Me ser fram til ei heidundrande flott helg med ‘hæla i taket og tenna i tapeten’, i godt selskap med andre fotballglade veteranar.

Me sjåast! I mellomtida ønskjer Midsund Veteran Girls alle ei fin adventstid og ei riktig god jul.

Bilde: Blidspent gjeng etter treningsøkta 3. desember. På kne frå v; Kristin, Inger Kristin og ei ekstatisk Iren som endelig er gammal nok! Over frå v: Malla Randi, Therese, Eva og Ann-Britt. Ikkje tilstade: Karina og Inga-Lill var på lysmesse (elr. nåkkå liknande) og vurderast å berre bli brukt som duskedame……