Paul Walsh til Veterancup
Paul Walsh(1962) var ein stor favoritt blant «fansen» i Liverpool. Han kom til Liverpool frå Luton i 1984 med eit godt rykte. Han var nemleg nett kåra til «årets unge spelar».
Det tok Walsh kun 14 sekundar i heimedebuten før han imponerte heimefansen med å scora. Det var i ein kamp der Liverpool slo West Ham 3-0.
Paul Walsh har spelt i desse klubbane:
Charlton, Luton, Tottenham, Queens Park(lån), Portsmouth og Manchester City.
Han har vore med og vunne «First Division Championship 1985/86» og «Screen Sport Super Cup 1986» for Liverpool.
Kneskader enda karrieren hans i 1996, men Walsh sin status blant Liverpool fansen vert nok aldri gløymt.