Opningskamp Grobbelaar mot Undi & Co….


..Fyrste kampen som vert spelt i årets veterancup (i Årdalshallen) er mellom ingen ringare enn våre eigne heltar i Jotun mot Tempo og Grobbelaar.

Årdølene har alltid vore kjent for si enorme interresse for engelsk fotball.  Plakatar av Liverpool og Grobbelaar har nok vore klistra rundt omkring på mange soveromsveggar.


No har de also sjansen til å oppleva denne helten spela mot våre eigne, fredag 26.01 kl. 17.00

For dei av oss som har Liverpoolsupportarar i familien, kan nok skriva under på at det var høg puls under tippekampane når Grobbelaar vakta Liverpool målet.


For å seie det slik, så viste ein vel ikkje alltid kva den godeste Grobbelaar fann på i «feltet». Ein viste ikkje ordet av det før me såg han på motsett banehalvdel…..

Det er ikkje berre denne kampen som er verd å sjå under den store fotballhelga.  Studer kampoppsettet og de vil fort finna ut at helga har stor underhaldningsverdi.



I den nye Lærdalshallen  kan de fredag oppleva fjorårsvinnar i Old-girls klassen, Trondheims-Ørn. 
Det største trekkplasteret denne kvelden blir nok likevel Lyngby med Laudrup brødrene i spissen.
I tillegg skal både Rosenborg og Ham Kam i elden.


I Tangenhallen spelar fjorårsvinnar Ålesund og deira største utfordrar(trur me) Brann.


Det er also ingen grunn til å bli sitjande heime helga 26. – 27. januar.  Då er det i hallane i Indre Sogn det skjer.


Webansvarleg: Ruthl@mail.ardalsnett.no          (Ruth Laberg)