Jotun – Lærdal, treningskamp old – girls

Jotun og Lærdal



Onsdag 11. januar møttest old-girls laga til Jotun og Lærdal for å spela treningskamp i Årdalshallen.

Lærdølene tok turen til Årdal for å sjekka forholda framfor turneringa om 14. dagar.  Dei trenar vanlegvis i ein liten gymsal og var difor svært «sugne» til å  prøva kamparenaen før den store turneringshelga brakar laus.


Beate No er me klare seier Beate Sem Johansen på Jotun laget. Det var flott at Lærdal tok turen til Årdal slik at me får litt kamptrening er dei enige om både Jotnane og Lærdalsdamene.

Ja, …so kjekt var det at damene frå Lærdal sansynlegvis kjem att neste onsdag til ny trening og kamp med Årdølene.

Kampen gjekk over 2×25 min.  Det var ein jamn kamp med mange flotte angrep og mål frå begge lag.



Blide jenter frå Jotun og LærdalSpelet var i periodar svært godt.  Men det hadde nok ikkje skada om kondisen kanskje hadde vore «litt» betre framfor turneringsstart.


Men, men…damene var enige om at dette var moro og gler seg alle saman til turneringa om 14 dagar.


Web-ansvarleg : Ruthl@indresognbil.no