Sogndal melder seg på i gullkampen…..

Sogndal vinnar 2003



…….ja, då har me snakka med enno ein lagleiar som er sikker på siger i komande turnering.

Endeleg er han tilbake, Sogndal sin eminente keeper gjennom mange år. Kåre Jan «kokken» Mjellelid.

Sjølv om han heller ikkje i år kjem til å vakta «buret»……


 

for Sogndølene, skal han til gjengjeld styra «benken» og laget til siger i årets turnering.  Sjølv om Sogndal har skaffa seg ein god keeper-erstattar i Geir Ove Røysum er det likevel noko som har mangla i Sogndalslaget.  Dette vert no teke hand om av den tidlegare «keeper-kjempa».
Kåre Jan
Veteranturneringa har snakke med nokre av dei andre sogndalsspelarane. Og dei legg ikkje skjul på at «Kokken» har vore sakna i miljøet dei siste åra.

…Ikkje berre for sine fotballkunnskapar, men også for sitt smittande, gode humør og evna han har til å få opp stemninga og «vinnar-viljen».


Knut Christiansen
Ein av dei andre som har vore sakna dei siste åra, er Knut Christiansen. Lagleiar Mjellelid kan no melda til nettsida at Christiansen er klar att framfor årets turnering. Også kjent som:

«Bergensaren» som var med og «avgjorde» i mange kampar for Sogndal gjennom si lange aktive karriere.


Anders Giske
….og so da….enno eit nederlag for Brann i år.

Då er det berre å konstatera at spelar nummer to (i tillegg til Jarle Ødegård) har svikta Brann framfor årets turnering. Nettsida har fått melding om at Anders Giske stiller i Sogndalsdrakta i år.  Kanskje eit naturleg val for Giske, som dei fleste veit har han overteke «Sogndalsskuta» etter Svein Bakke.
Dei som hugsar litt frå tidlegare turneringar, minnest nok at Giske har fått litt skadar etter dei fyrste kampane.  Men Mjellelid seier at han har sett Giske i knallhard trening, så formen skal vera på topp når turneringa vert blesen i gang fredag 27. januar.


Med seg i stallen har Kåre Jan Mjellelid 11 spelarar.  Han fortel at ingen kan føla seg sikre innanfor «fyrste-femmaren».  Dette vert knallhardt uttak kvelden før kvelden.  Han understrekar at han har 11 gode mann i stallen og dei kan prøva kven som vil…….ingen kjem til å ta Sogndal i år…….
……då gjenstår det å sjå……..kan Sogndal vinna turneringa som dei gjorde i 2003…???


Web-ansvarleg: Ruthl@indresognbil.no