Dommaransvarleg Torstein Kvam

 

Torstein Kvam (73) er klar for nok ein Veterancup
Klubb: Jotun handball, Årdal FK fotball.

Torstein har dømt fotallkampar i 40 år – handballkampar i 50 år. Med andre
ord ein skikkeleg veteran som pipeblåsar. Og frameis held han på.
– Eg har slutta å dømme fotballkampar utandørs. No er det innefotball, og
handball i 3. og 4. divisjon region vest, fortel Torstein.


Veldig kjekt
Sidan Veterancupen starta har Torstein kvart år vore med som dommar.
-Ei fantastisk fin turnering. Veldig kjekt, artig å vere med på. Og me har vore
sparsomme for arrangøren. Me treng seks, sju domarar, og brukar lokale folk
som gjer dette på dugnad.
– Desse gjer ein god jobb, men det er ikkje til å legge skjul på at det hadde
vore enklare å få med meir erfarne domarar dersom ein hadde betalt litt for
det, meiner Torstein.

Streng i maska
Engasjementet blant spelarane i Veterancupen er stort, når skoa er knytt og
dei går inn på parketten er innsatsen stor – sjølvsagt har ingen har lyst å tape
tape kampen.
Må du vere streng i blant.
– Er ein litt «tjommi» så går det stort sett greitt, men det kan hende eg må bli
litt streng i maska, seier Torstein.
Kven er er verst damer eller herrar? Det er nok herrane, damene er jo berre
snille, meiner Torstein. Og legg til:

-Vålerenga og Erik Foss var verst. Han var åplaus, klaga på alt, og som oftast
hadde han feil, minnest Torstein Kvam. Etter mange år i Veterancupen med
mange god
minner trekkjer han fram det danske laget med brødrene Laudrup som ein
veldig triveleg gjeng. -Heilt fantastisk.
Korleis er formen din fram mot turneringa?
-Til å vere 73 år er eg rimeleg bra. Løpsformen er ikkje all verden, men helsa
er god, avsluttar domarveteranen.

Steinar Kvigne