Ambulansen levert i Ukraina

Her vart ambulansen overlevert ved grensa til Ukraina.

Onsdag 10. mai var Geir Berge Øverland og Roald Flodsand framme i Ukraina med ambulansen gitt av Helse Førde til aksjonen Fotball for Ukraina. Her vart bilen overlevert til kona og dottera til Oleh Sobutskyy.

Geir og Roald reiste frå Lærdal tidleg måndag morgon. Vel to døgn seinare på ein avtalt plass i det krigsherja landet, vart ambulansen overlevert. På turen ned var dei fyrst innom Oslo for eit møte med Lise Klaveness og Karl Petter Løken i Norges fotballforbund. Forbundet har sidan starten stilt seg bak innsamlingsaksjonen Fotball for Ukraina.   

Generalsekretær i NFF Karl Petter Løken, fotballpresident Lise Klaveness, leiar for innsamlingsaksjonen Rolf Jerving, turneringslege Geir Øverland og turneringsleiar Roald Flodsand er godt nøgde.

Minnerikt
– Ein flott og på mange måtar ein minnerik tur, seier Roald, nett komen heim til Lærdal. Primus motor for Veterancupen fortel dei vart møtt med opne armar, men møtte ein del problem då dei skulle passere grensa.

– Vaktene der var arrogante, trege, og heller ikkje veldig blide. Det var liksom ikkje berre rusle over grensa. Eg følte meg ikkje trua, men det er klart ein byrjar å lure når dei kjem inn i bilen med skarpladde våpen, seier Roald. Men då dottera til Oleh tok ein telefonsamtale til ein eller annan sentral person ordna det eg raskt. 

Funka godt
Geir Berge Øverland seier den gamle ambulansen funka godt, og gikk som som ei kule heile vegen frå Lærdal, gjennom Sverige til Polen før dei var framme i Ukraina.

– Overraskande bra, heilt glimrande. Men du veit det er knallhard påkjenning for bilen når du køyrer på motorvegen i timevis, og speedometeret viser 120-130 kilometer i timen, seier han. Det som var mest utfordrande var å finne fram.

– Ja det var viktig å følgje godt med på kart og skilting, for køyrde me feil så var det vanskeleg å rette opp att, fortel Geir. Og godt mottekne vart dei når dei kom fra.

– Me vart møtt med stor støtte og takksemd, og invitert på middag, seier Geir Berge Øverland. 

Geir og Roald er samde om at dette var eit godt prosjekt, vel verd å gjennomføre. I tillegg til ambulansen hadde dei og med seg fotballdrakter frå Veterancupen til born i Ukraina.

Ambulansen vert no sett i teneste i Bakhmut, eit av dei verste krigsomåda i landet. Og behovet for ambulansar er stort, i snitt vert 20 ambulansar til vrakgods kvar dag.

Utanfor Lærdal sjukehus, der ambulansen har vore i teneste i fleire år. Frå venstre Steinar Kvigne, administrerande direktør i Helse Førde Arve Varden, Roald Flodsand og Geir Øverland.

Tekst: Steinar Kvigne
Foto: privat