Sogn Sparebank – ein solid medspelar

Den lokale banken med kontor i Lærdal, Aurland, Sogndal, Årdal, Vik og Bergen er hovudsponsor til Veterancupen 2023.

– Veterancupen har vore eit svært godt lokalt tiltak i mange år. At dugnadsgjengen til årets turnering får på plass to lag frå det krigsherja Ukraina er utruleg stort, og eit arrangement me set stor pris på å støtte økonomisk. Det seier administrerande banksjef Mads Indrehus og leiar for kommunikasjon Ragnhild Skahjem Tofastrud i Sogn Sparebank.

Humanitær hjelp
– Behovet for hjelp til Ukraina er stort. Her brukar Veterancupen turneringa til å ha fokus på ei svært viktig sak. I tillegg set dei i gang ein innsamlingsaksjon til humanitær hjelp for det krigsherja landet. Heilt fantastisk, seier Indrehus.

At Veterancupen er eit samarbeid mellom dei tre kommunane Lærdal, Aurland og Årdal er sjølvsagt og eit pluss. Sogn Sparebank har tradisjon for å gje økonomisk støtte til lokale tiltak.

– Ved å samarbeide kan ein få til svært mykje. Eit økonomisk bidrag og ein solid dugnadsinnsats kan gje eit fantastisk godt resultat. Samarbeid er nøkkelen til suksess, seier Indrehus.

Lokalbank
At Sogn Sparebank har kontor fleire stader i Sogn ser dei to bankfolka positivt på.

– Det er viktige arbeidsplassar for kommunane, i tillegg kjem me som bank tettare på lokalsamfunnet, seier Ragnhild Skahjem Tofastrud.

Banken bidreg med arbeidsplassar der ein treng høg kompetanse og mangfald.

– Dette set store krav, men me har brennande omsorg for omlandet vårt, seier dei to bankfolka.

Den seinare tid er fleire av banken sine lokale pussa opp, og meir tilpassa dagens behov.

– Dette er me svært godt nøgde med, spesielt lærdalskontoret, som er heilt nytt. Triveleg både for tilsette og brukarar, er Mads Indrehus og Ragnhild Skahjem Tofastrud samde om.

Tekst: Steinar Kvigne

Administrerande banksjef Mads Indrehus. Foto: privat


Leiar for kommunikasjon Ragnhild Skahjem Tofastrud i Sogn Sparebank.
Foto: Privat