– Vil ha revansje

Harald Aabrekk seier finaletapet mot Danmark i 2021 var skikkeleg surt.

– Slikt svir uansett kor gamal ein er, her er det eit sår som må legast, seier Aabrekk.

Sjølv om dette er sagt med glimt i auga, er det liten tvil om at manageren for veteranlandslaget til Norge går for siger i alle kampar i årets cup.Tittelen manager er han derimot litt skeptisk til.

– Det er berre ein manager og det er Dag Martin Fardal i Sogndal, mimrar Aabrekk. Han er meir nøgd med lagleiar.

Imponerande
Aabrekk er imponert av arbeidet som er gjort for få Ukraina sine spelarar til Norge og Lærdal.

– Svært bra, veldig fint å få Ukraina med. At gjengen i Veterancupen har teke tak i den problemstillinga er imponerande. Dei har no hatt turnering i meir enn 20 år, men er ikkje redd for å ta på seg ein slik jobb sett frå frå fotballen si side. Det er stort, og viser at ein bryr seg om dei ein konkurrerer med, seier Aabrekk.

Bånn gass
I samband med turneringa håpar mannen frå Eid å bli betre kjent med spelarar frå andre lag.

– Ja det er ein viktig grunn til at dette er veldig kjekt å vere med på, men når domaren bles i fløyta er det bånn gass. Då handlar det sjølvsagt om å vinne kampen, seier eidaren som var assisterande landslagsjef for Norge i 2008.

Desse spelarande er så langt klare for Norges sitt veteranlandslag: Frode Grodås, Dan Eggen, Kjetil Wæhler, Stig Inge Bjørnebye, Tore Andre Flo, Håvard Flo, Jon Arne Riise og Eirik Bakke.

Tekst: Steinar Kvigne


Foto: Privat