Ser fram til turnering

Stig Hartvigsen har vore med på å vinna turneringa to gonger.

– Folk seier at du må vera med for å skjøna kor kjekt det er.

Det seier Stig Hartvigsen, som under turneringa representerer Viking superveteran. Og det gjeld både banketten og ute på bana.

– Det er rart med det. Når du får på deg drakta, så blir du 17-18 år i hovudet med ein gong.

56-åringen spelte for Sola i 4. divisjon heilt fram til pandemien inntok landet.

– Det var ikkje mange på min alder då. Men det viktigaste er at du kosar deg og har det kjekt med det du driv på med.
Veteran

Hartvigsen har vore aktiv i både Randaberg, Sola og Madla. I veterancuopen har han representert både Madla og Viking i supervetranklassen og har vunne turneringa i begge klassar. Han ser fram til veterancupen også i år.

– Me får vona at smittesituasjonen er slik at den blir noko av i januar også. Turneringa er heilt fantastisk, det er så kjekt å treffa andre likesinna. Her får me sjå og treffa andre kjende spelarar også, som me berre har høyrt om.

Hartvigsen legg til at det som også er bra med turneringa, er at den er samla på ein palss.

– Det er utruleg bra det dei har fått til oppe i Lærdal midt på vinteren. Som sagt, du må vera med for å skjøna kor kjekt det er.