Stødig med fløyta

Han har vore domar i turneringa sidan starten, Torstein Kvam.
Og han har ikkje tenkt å gje seg med det første.

– Dette vil eg driva på meg så lenge eg ikkje hamnar i rullestol eller blir dement.

71 år gamle Kvam kom til Årdal for å døma ein cup-kamp i handball i 1983. Og der møtte han Berit, noko som førde til at han vart verande i bygda. Til glede både for handballen og fotballen i regionen.

Ansvarleg

Under årets veteran-cup er Kvam også domaransvarleg, noko han har vore fleire gonger tidlegare.

– Eg vonar me blir sju-åtte domarar. Dei fleste denne gong er lokale, men me prøver også å få hit nokre tidlegare kjende fjes i domardrakta.

Kjekt

Kvam seier det er kjempekjekt å kunna bidra under veterancupen.

– Ja, det er veldig artig. Det er ei fin ramme rundt kampane og her dømer me folk som me dømde for mange år sidan. Fleire av dei er tidlegare landslagsspelarar også.

Kvam legg til at det er ein flott bankett også.
Det som også er positivt, er at inntektene frå turneringa går til aldersbestemt idrett.

71 år og framleis aktiv, domaransvarleg Torstein Kvam.