Støttar lokale eldsjeler

Tor Arne Ness, dagleg leiar i Toyota Sogn, seier dei har sponsa Veterancupen i 10-12 år.

– Eg hugsar i alle fall at me henta Andy Cole på flyplassen ei gong, og det byrjar å bli lenge sidan, fortel Ness.

Toyota Sogn og Herz støttar Veterancupen i form av billeveransar, som vert nytta til å hente og bringe folk til og frå turneringa.

Solid arrangement

Ness er klar på at Veterancupen i Lærdal er eit veldig godt arrangement, både sportsleg og ikkje minst sosialt med ein fin bankett.

– Å gjennomføre Veterancupen på ein god måte har eldsjelene i Lærdal gjennom mange år synt at dei kan. Eg har tidlegare delteke med Kaupanger, og har mange gode minner frå turneringa. At det er lokale aktørar i Sogn som står for arrangementet er grunnen til at Toyota er med og sponsar Veterancupen, avsluttar Tor Arne Ness.

Tekst: Steinar Kvigne

Foto: Privat