Blir det Veterancup i 2021?

Ja, det spør arrangørane seg også. Me planlegg i alle fall for å arrangera vinterens vakraste eventyr – Veterancupen – i januar, og håpar i det lengste at det skal bli realitet. Men sjølvsagt må cupen avlysast dersom det av smittevernsomsyn ikkje er tilrådeleg å avhalda eit slikt arrangement når me kjem so langt.

Me vil oppdatera på nettsida og Facebook så snart me veit meir om korleis dette blir, men oppmodar sjølvsagt til å trena godt i haust uansett!