Har tru på fleire landslag under Veterancupen 2021

Neste års Veterancup går av stabelen i Lærdal, Årdal og Aurland 29.- 30.- januar 2021.

– Alle landslaga som var med i år har meldt at dei vil koma attende, me trur også det kan bli enno fleire profilar – mellom anna har Tore Andre Flo sagt at han må leggja seg i hardtrening, seier turneringsleiar Roald Flodsand.

Eit storveges Veterancup-arrangement gjekk av stabelen 24. – 25. januar i år med landslagsklasse beståande av Noreg, Danmark, Finland, Island og Færøyane der danskane gjekk av med sigeren. Men til neste år kan det bli enno tøffare i landslagsklassa, trur Flodsand.

– Eg trur også me får med Sverige, det ser i alle fall veldig lovande ut no.

Dei fleste klassane var fullbooka under Veterancupen 2020, der totalt 56 lag stilte til fotballfest i Indre Sogn. Påmeldinga til neste års Veterancup opnar 1. september. Laga som var med i 2020 har forrang ved påmelding innan 1. november – då blir det opna for at andre lag også kan melda seg på.