Påmeldingsfristen nærmar seg

Minner om påmeldingsfristen for laga som deltok på Veterancup 2018 nærmar seg. Desse laga har prioritet dersom dei melder seg på innan torsdag 15. november 2018.

Me har no opna for påmelding til Veterancup 2019!

Veterancup 2019 spelast fredag 25. januar og laurdag 26. januar. Me avrundar laurdag kveld med bankett og prisutdelingar på Lærdal Hotell.

På herresida kan ein melde seg på i klasse for old boys, veteran eller veteran 50+. På damesida er det klasse for old girls og veteran girls samt veteran 50+. For kvar klasse gjeld ei nedre aldersgrense ein må fylle i løpet av kalenderåret 2019, samt nokre unntaksreglar (sjå ‘Turnering’).

Påmelding:

    • rett klasse
    • storleik på t-skjorter. Må fyllast ut ved påmelding. (kan korrigerast fram til 10.12.2018)
    • navn og kontaktinformasjon til lagleiar/den som melder på laget
    • påmeldingsavgift skal betalast innan 10 dagar frå laget har fått plass i sin klasse/lagt ut på heimesida.

Lagliste skal fyllast ut! Navn og fødselsår på spelarar (kan/må endrast ved endringar fram til cupen).

    • om ein veit allereie no at ein ynskjer tinge plass på veterancup-bussane frå Bergen, kan det tingast ved å sende mail til transportansvarleg (sjå ‘Kontakt oss’)
    • Booking/betaling av overnatting og/eller bankett skjer direkte til Lærdal hotell (max 9 plassar per lag): okn@lerdalhotel.no (sjå Overnatting’)

Lag som deltok i Veterancup 2018 har rangen dersom laget er påmeldt innan 15. november d.å. Frå 16. november vil nye lag få ledige/utvida plassar.

Påmeldingsskjema finn de under Påmelding

Parketten ventar!

No kan du pusse skoa, prikke inn toppforma, og glede deg til å møte både nye spelarar og kjende fjes frå tidlegare oppgjer!


Me gler oss!

Veterancup Lærdal – Årdal – Aurland 2019