Det nærmar seg avspark

No nærmar det seg avspark for årets Veterancup. Både spelarar og arrangørar er klare.I kjent stil så har Moder Natur valgt å sette sitt preg på årets Veterancup. Uværet Tor er på veg, men vi håpar at alle spelarar kjem seg trygt fram til parketten og ikkje minst banketten.

Veterancup har fått sponsa leigebilar som skal frakte spelarane til Lærdal. Her ønskjer vi å takke både Berge & Co AS og Toyota Sogn AS.

I tillegg har Lerum sponsa ei rekke varer som kjem rett frå produksjonslinja. Her snakkar vi både saft, syltetøy og mykje anna godt.

Vel møtt til ei innhaldsrik helg.