Kaupanger Young Girls klar for Veterancup

Til Veterancup 2016 har vi gått frå å ha kamp om plassane, til å oppleve eit enormt fråfall på damesida. Heile 5 av dei påmelde laga har i tur og orden meldt om at dei ikkje klarer å stille lag.

Fram til nyleg har det vore jobba mot nye klubbar, men tidsfristen blir for kort for dei fleste, når det blir så tett innpå cupen.

Denne veka var vi i kontakt med unge rekrutt-jenter hjå Kaupanger Damefotball, og tøffe som dei er, dei tek oppfordringa på strak arm!

Med dette laget på plass, vil alle lag i old girls-klassen få likt tal kampar i innleiande rundar. I pulja med Kaupanger Young Girls, vil ikkje resultata mot dette laget telje, ein tek ikkje med seg poeng frå kampane, og laget går ikkje vidare til sluttspel. Dette på grunn av at dei ikkje fyller alders-kriteriet.

Svært sporty av gjort av dei unge damene! Ta vèl imot dei!